Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
116
Skalden OTTAR SVARTE, som fyrr er nemnd, var
ein systerson til Sigvat, men ikkje mykje lik honom i
huglag. Han var hugbraa og eldfull, og sparde ikkje
paa sterke ord, I Svitjod hadde han lært aa kjenne
kongsdotteri Aastrid, ho som sidan vart gift med Olav
Haraldsson, og hadde gjort eit kvæde til henne, der
han visst hadde vori drjugt fri og djerv i si hyllest.
Daa han sidan kom til den norske kongen, vart han
ikkje vel mot-tekin; for Olav hadde høyrt um dette
kvade, og lét skalden setja fast. Men lukka var daa
at Sigvat var der, og han fekk stelt de so at Ottar
skulde dikte eit kvad um kong Olav. Dette gjorde
han daa so godt at han med de slapp fri. Difor er
kvade kalla Hovudlausn. Slike „hovudløysn“-sogur er
de likevel so mange av, so ein vandt kann lata vera
aa mistenkje sume av deim, at den eine er noko laga
etter den andre. De meste som er etterleivt av dette
kvade hev me i Heimskringla (s. 238—357; 17 av dei
20 heile og halve vers). Elles er de berre ei 6
halvvers av ei draape til Olav Svenske, i eit
versemaal som er kalla „halvknept“, ei 10 vers av hans
Knutsdraapa, og ei 2—3 lausavisur. Han høyrer til
dei beste skaldar i den tid, og hev meir av de reine,
fløymande skaldelage enn Sigvat; men hans dypt eller
tankestyrke hev han daa ikkje.
Ein serleg namnkjend mann i norrøn sogu er
TORMOD KOLBRUNARSKALD. De som hev gjort
honom so namngjetin er likevel ikkje hans skaldskap, heller
ikkje so mykje hans liv, endaa de var merkelegt nok,
men mest, som me veit, hans utgang or live, i slage
paa Stiklestad. Hans liv er skildra i Fostbrødrasaga,
og mykje i same stil som med Kormak, Hallfred
Vandrædaskald, Gunnlaug Ormstunge o. fi. Tormod
hadde endaatil tvo han var hugbrend for ute paa
Island; men den gjævaste, eller einaste gjæve av deim
var Torbjørg Kolbrun, som han gjorde eit kvæde til,
og av dette fekk sitt tilnamn. Fostbroren, Torgeir
Haavarsson, var ei styrlaus utyrme, soleis at endaatil
Tormod laut skilja lag med honom. Men daa so ein
grønlending gjorde de manndomsverk aa drepa denne
ulemen, heldt Tormod seg likevel skyldig til aa fara
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>