Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
11%
til Grønland og hemne fostbroren, og de gjorde han
so grundig med den eine føre (vinstre) handi han hadde,
so at dersom de var fleire som gjorde slik
mannslagting der, er de ikkje aa undrast paa at Grønland
vart folkeaudt for nordmennar. — De me no hev att
av hans skaldskap er berre ei 15 vers av hans
Torgeirsdraapa, etter fostbroören, daa han var drepin,
og so nokre lause vers, serleg 5—6 av dei siste han
dikta (Heimskr. s. 5301—23), paa Stiklestad. Men.
jamvel- desse er de mest tilhøve som gjer noko merkelege,
og heller ikkje de andre me no hev etter honom syner
nokon sermerkt skald.
Med de same fær me nemne 2 skaldar som var
med Tormod i den „trioen“ som kvad fyri slage paa
Stiklestad (Heimskr. s. 502): Gissur
Gullbraaskald og Torfinn Munn. Etter desse tvo er de
likevel ikkje noko meir aa rekne for me hev att enn
de verse kvar av deim dikta der. Um Torfinn er de
fortalt at han ogso hadde vori skald hjaa Haakon jarl, og
han maa daa ha vori ein noko gamall mann den tid
han var med paa Stiklestad. Sameleis hev de vel vori
med Gissur og, med di han var fosterfar til ein skald
som i minsto ikkje lengi etter kom til Noreg, Rev
Gjestsson eller Hovgarda-Rev som han er kalla.
Han var son til skaldkona Steinun, ho som kvad nokre
vers til presten Tangbrand (Njaala), ætta fraa Alv paa
Voss og av same grein som Sturlungane; og far til
skalden, Gjest, var av den gjæve landnaams-ætti som
gjekk attende til Bjørn Buna og Grim herse i Sogn.
Etter denne skalden er de att nokre fleire vers eller
halvvers, 1 i Heimskr. (s. 517) av hans ervekvad um
fosterfaren. De er berre skade at de ikkje er meir; for ved
desse versi er de so mykje framifraa fint og godt, so
de ser ut til han hev vori ein med dei aller beste skaldane.
Ein skald som er nemndÔd fyrr, TORARIN LOVTUNGE,
fær me tala um noko meir, endaa han var ikkje skald
hjaa Olav, men hjaa hans motmann Knut og sonen
Svein. Um Knut hev han m. a. dikta den fyrr nemnde
Tøgdraapa (Heimskr. s. 467—68), um hans ferd til
Noreg. De andre større kvade me hev etter honom,
Glælogns-kvida (Heimskr. s. 534), er i vissa merkelegt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>