Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Arnor Jarlaskald.
Skal ein tala um ein „gull-alder“ og ein
„sylvalder“ i hirdskaldskapen, so maa daa tidi under Magnus
den gode og Harald Hardraade minst faa rang som ein
sylv-alder. I visse maatar stod no denne kunsti daa
avgjort paa sitt høgste. Rikt og gjævt som de
norrøne maale var i seg sjølv, og framifraa upptamt
som de var fraa gamalt, baade med skaldskap og anna,
so trengdest de likevel ei sers upptemjing til aa gjera
de fellelegt og skifterikt nok til eit slikt utifraa vandt
versemaal som drottkvætt. Denne tamen hadde
skaldemaale no vunni fram til ved denne tid, soleis at
skaldane trengde ikkje um aa leite so hardt etter
sjeldsynte eller mangslungne ordvik og ordsetningar. Naar
dei endaa her og der brukte kenningar og sovori, so
var de meir til prydnad enn av naudsyn. Og samstundes
som skaàåldskapen endaa var fyllt med den gamle aand
og kraft, bryt de inn tonar fraa ei ny tid som er i
gjerdom, riddar-tidi med sine „hirdmenn prude“,
„brogdute segl“ paa „barmfagre snekkjur“ o. a. m., soleis at
ein høyrer omen av den mjukare folkevise-tonen mengje
seg med staal-klangen,
Ei vinning hev denne tidi med de og, at ho fell
so til, at skaldskapen er vortin rikare og betre
etterleivd enn fraa andre tidir anten fyrr eller sidan. So
mange kvad er de nok ikkje me hev vidare heile fraa
denne tid heller; men de kann ein likevel gaa ut ifraa,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>