- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
121

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

121

at me hev de meste som var verdt aa gøyme paa, og
slikt at ingin kann tvila um at de i de heile er
rett nok.

Tidi var rik paa skaldar, og gode skaldar maa ein
segja de jamt var, dei som me no hev noko att etter.
Men langt framum dei andre, baade etter mengd og verd,
stend tvo av desse skaldane, Arnor Jarlaskald og
Tjodolv Arnorsson. Dei kvad baae baade aat
kong Magnus og aat kong Harald, men likevel so at
Arnor, er aa rekne for hovudskald aat Magnus, og
Tjodolv aat Harald.

Arnor Jarlaskald var, som fyrr nemnt (s. 105), son
til skalden Tord Kolbeinsson og Odny Øykyndil. Sitt
tilnamn hev han fraa de at han heldt seg mykje hjaa
Orknøy-jarlane Rognvald Bruseson og Torfinn
Sigurdsson, var gift inn i ætti deira, og hev dikta kvæde um
deim baae. De eine, Torfinnsdraapa (eit ervekvad), er
av deim som de er etterleivt mykje av, ei 20 heile og
halve vers (av deim eit i Heimskr. s. 346). Men hans
mest namngjetne kvad, og best gøymt, er hans lovkvad
til Magnus den gode, som etter sitt versemaal er kalla
Rynhenda. Ura korleis de gjekk til, daa han førde
fram dette kvad, lyder sogo soleis:

„De var ein gon; at kongane sat i halli ved
matbordi nord i Kaupangen (Nidaros); daa var Arnor
Jarlaskald komin der til byen. Han hadde gjort eit
kvad um kvar av kongane. Og ein dag, daa Arnor
brædde skipe sitt, kom de sendemennar fraa kongane
og bad honom koma og føre fram kvadi. Han gjekk
med de same, og vaska ikkje av seg tjøro, og daa han
kom til halli, sa han til, dørvakti: „Gjev rom for
kongeskalden!“ ` Han gjekk fram for deim og helsa:
„heil, landsherrar baae!“ Kong Harald mælte: „Kven
skal du fyrst kveda for?“ „For den yngste,“ svarar
han. „Kvifor fyrst for honom?“ spurde kongen. „Herre!“
sagde Arnor, „so er sagt, at ungdomen er braalynd.“
Der-etter sagde han fram kvæde, og nemnde fyrst um
jarlane vestan-havs, og sidan kvad han um sine ferdir,
og daa sagde Harald til kong Magnus: „Kvifor sitja
her og høyre paa dette kvade um jarlane vest i øyane?“
„Lat oss vente, frende,“ sagde Magnus, „so tenkjer eg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0123.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free