Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
160
Skaldatal hev han dikta baade um Magnus Berrføtt,
Sigurd Jorsalafarar, og broren Øystein, som han var
god ven med; men av desse kvadi hev me ikkje noko
att. Derimot hev me visstnok so godt som heil hans
Sigurdarbolk, eit kvad i fornyrdes-lag um Sigurd Slembe
(ei 44 vers, men ikkje rett heile alle saman). Her
skildrar han Sigurds heile liv, fraa han voks upp hjaa
presten Adalbrikt, og til hans pinefulle daude. Dette
kvade, saman med Eirik Oddssons bok, hev vori
grunnlage for. sogo um Sigurd Slembe. Men noko meir kann
ein heller ikkje segja um de, enn at de er sogu — god
og verdfull sogu — paa vers.
Den fremste millom hirdskaldane i dette
hundradaare, og den som de vel er etterleivt mest etter av alle
saman, næst Sigvat, er EINAR SKULESON. Han med
høyrde til ei stor skalde-ætt, den som med Egil
Skallagrimsson ris upp millom hine som eiki millom
annan skog. Men endaa Einar, som sagt, naar ein god
mun framum andre skaldar i si samtid, er de likevel ‘lite
aa rekne for mot den glupen som skil honon fraa denne
hans ættfar, og fraa andre av dei eldre storskaldane
med. Attaat var han i ætt med Snorre og (bror til hans
oldefar), og mykje av de me hev etter denne skalden
kann me serleg takke Snorre for. Han hev i si Edda
gjort svært mykje bruk av versi hans Binar, og de ser
ut til han hev sett honom høgt, visstnok daa mest for
den mynstergode form; for anna er de ikkje so mykje
aa rose ved honom. Han er ein som hev havt
framifraa lett for aa laga vers, kann ein sjaa, jamvel paa
staaande fot, som de er fortalt ymse døme paa, og han
fær deim til aa falle godt og er grundig inne i alt som
høyrde skaldekunsti til. Men de oftast noko tunne
innhalde gjer at dei lette vel-laga versi i lengdi verkar
mest som ein leik med ord. Paa den andre sida er de
likevel fritt for alt knot og tilgjort. Ein merkar i alt
den same jamne, klaartenkte og veltenkte mannen me
lærer aa kjenne fraa ymse drag som er fortalde fraa
hans liv elles. Alt me soleis kjenner til, tyder paa at
’han hev vori ein framifraa vensæl mann.
Einar hev vori endaa raustare enn Halldor Skvaldre,
-ser de ut til, til aa kveda um kongar og hovdingar i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>