- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
161

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

161

sì samtid. De er ikkje mindre enn 15 slike kvad me
veit um etter honom. Dei fleste êr um norske kongar,
og eit par um norske stormennar; soleis eit til Gregorius
Dagsson. Men dessutan er de og eit par kvæde til ein
svensk konge og ein jarl, og so eit til den danske konge
Svein Svidande eller Grade. Men dette kvade fekk han
ikkje stor gleda av; for der i lande hadde dei ikkje
lenger so mykje sans for slikt at dei baud skalden løn
for kvade, og for dette hev daa Einar etterleivt eit
spottevers til danskekongen og hans skattmeister
Riber-Ulv, at dei „heldt felur og pipur gjævare“. Som
ventande var, er de meste av desse kvadi tapt. Dei versi
som Snorre hev etter Einar i si Edda, er — som vanleg
der — halv-vers, og er for de meste slike at dei kann
høve like godt um den eine konge eller hovding som
um den andre, soleis at ein vandt kann vita noko visst
um kva kvad dei hev høyrt til. Dei kvadi som ein no
kann sjaa de er noko att av, og tale paa dei versi som
synest høyre til kvart av deim, er desse: 1) Kvæde um
Sigurd Jorsalafarar(11v.). 2)Eit par kvæde um
Harald Gille (90g5v.). 3) Kvæde um
Haraldssønine (4 v.). 4) 2 kvad um Øystein
Haraldsson(90g2v.). 3) Um kong Inge Haraldsson (3 v.),
og so eit par vers av dé nemnde kvade um Gregorius
Dagsson, Elvarvisur, som de er kalla. Av anna er
aa nemne (sjølvsagt) nokre lausavisur (6 heile og nokre
uheile), og so ein Øksarflokk, um ei øks som skalden
hev fengi i gaave, 4 heile og 7 halve vers, men som
mest alle segjer de same. I desse kvadi er versemaale
for de meste drottkvætt, men imillom deim eit i tøglag
og eit i runhendt.

Eit merkelegt skaldeverk hev me likevel etter Einar,
hans draape um Olav den héilage, Geisle, som de er
kalla (namne tyder de same som geisle no: straale).
De mest merkelege ved dette kvade er kanskje de at
me hev de so fullkomleg heilt og rett, endaa so stort
de er, heile 71 vers, soleis med de meste me hev av
noko kvad fraa vaar gamle tid. So heilt som de er i
alle maatar, gjev de oss god rettleiding um korleis ei
rett draape var bygd. Fyrst er de ein inngang paa
17 vers. So kjem stevbolkane, v. 18 med siste helvti

Gamle skaldar og kvad. 12

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0163.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free