- Project Runeberg -  Gamle skaldar og kvad /
162

(1902) [MARC] Author: Rasmus Flo
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

162

stev, og soleis tridjekvart vers utetter til v. 45 (9
stevbolkar, kvar paa 3 vers). Etter dette kjem daa utgangen
pâa 26 vers (de heile 17 + 1 + 27 + 26).

Skalden sagde fram kvade i Kristkyrkja
(Domkyrkja) i Nidaros Sankt-Olavs-dagen 1153 eller 54. Til
stades var dei tri kongane (Haraldssønine), erkebispen
Jon, `brørane i Sankt-Olavs-gilde, og ein stor kyrkjelyd.
Daa kvade vart framsagt, vart kyrkja fyllt med den
ljuvlegaste ange, er de fortalt. De handlar mest um
Olavs liv etter dauden (martyrdauden paa Stiklestad),
d. v. s. um hans mange jarteignir. At kvade isi tid
vart høgt sett, er lett aa vita, og syner seg fullnok paa
den rekkja av heilag-kvad i drottkvætt versemaal som
blømde fram i fare etter de. Og endaa i vaar tid maa
ein sjaa med undring, ikkje berre paa dei lett-fljotande
versi, men og paa de storfelte og samhøvelege i emning
og bygnad. I sjølve innhalde kann ein likevel ikkje
setja stort verd, anna enn for sogo, og so for de innsyn
de gjev oss i skaldens huglag, hans godmeinte,
truverdige kristelege tenkjemaate. De kjem her fram, at
Einar var prest, som han og er nemnd i diplom paa
Island. Elles merkar ein lite til dette i hans kvad, med
di han, liksom Tjodolv og mange andre av dei gamle
skaldar, mest legg seg um aa gjeva reint og ufarga av
eigne synsmaatar de han skal skildre. Kor som er, hev
han visst ikkje havt mykje med prestegjerning aa gjera;
for de ser ut til at han hev livt si meste tid i Noreg.

Av dei 20—30 hirdskaldar me hev namn paa elles
i dette hundradaare, er de ingin de er leivt etter so
mykje at de kann vera noko aa tala um. Soleis fraa
dei 12 skaldane de var hjaa Sverre er de ikkje
etterleivt meir enn eit halv-vers, og endaa er de uvisst, um
dette er um Sverre. Dei faa versi fraa denne tid som
de er noko betre sving og fynd med, er for de meste
utan skaldenamn, eller i minsto ikkje fraa hirdskaldar.
I næste hundradaare hev me og nemnde ei 20
hirdskaldar, men av deim er de berre tri som de er noko
aa feste seg ved.

Den eine av deim er paa ein maate den
merkelegaste av alle vaare gamle skaldar. De er ingin
ringare enn SNORRE STURLASON. Han var skald og,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed May 15 13:15:40 2024 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/frgskaldar/0164.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free