- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
138

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

138 Seld til den Vonde.

Skard stod Troll og vittad og vinkad, og
Bekkesusen rundt Liderne tok til aa kveda,
kveda . . . men ho var ikkje rædd. Der burte
laag Kyrkja. Den gamle,’brune Kyrkja, skakk
og stygg som eit Fjos. Ho mintest med ein
Gong all den Sæla og Gleda, ho fyrr hadde
havt, men i Kveld misst. Ho mintest hin fyrste
Sundagen ifjor; ho mintest so mang ei sæl Stund
sidan. Daa braut det upp i henne so saart og
sterkt, at ho kastad seg ned og greet. Det var
ein strid, vill Graat; men ho greet ikkje lengje.

Ho var bøygd, men ikkje broti. Den unge
frivaksne Naturen tok til aa reisa seg etter
Svimeslaget. Tankar skaut upp, harmfulle og
kalde, kjøvde Graaten og fekk Hugen til aa
friskna og frjosa. Kor hadde det seg, at ho
no laag her, aaleine og hjelpelaus, burtstøytt av
alle, ho, som hadde voret so ung og so glad?

Her gjekk ho for eit Aar sidan, stolt og
sæl, og trudde ho hadde vunnet alt. Ho var
som eit nytt Menneske; ho heldt av all Ting,
og det fanst ikkje vondt i henne. Mot honom,
ho hadde valt seg, var ho ærleg som Gull; ho
hadde elskat han so utav alt sitt Hjarta, at for
honom var ingen Ting for dyrt! ho vilde med
alt sitt Liv løna han, for di han elskad henne
og gjorde henne so glad. Var ikkje det rett?
Var det so fæl ei Synd, at den gamle arge

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0150.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free