- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
84

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

84-

BONDESTUDENTAR

Augo under framskotne Bryn, visste Daniel ikkje, kva
han skulde likne han med. Men for denne underlege
Mannen gav Salen seg til aa rope Hurra og klappe,
og gjenom Dundere høyrde Daniel ei gnell Røyst som
ropa: „Leve Dølen!"

So dette var Dølen?

Daniel kjende sig eit Grand rar der han sat, lite
tankeslørd, lite tung yvi Augo . . . men no vart han
kvik att; han flaug upp; kjende seg noko lett i
Føtane, men arbeidde seg fram mot Talarstolen so snøgt
han vann; han vilde sjaa og høyre denne norske
Villmannen som det gjekk so mykje Drøs um, og som
skreiv so flirande og ravgali paa sitt ravgalne Maal i det
ravgalne Døleblade sitt.

Rett stillt og godslegt, men med rare, blinksande
Augnekast, tok Dølen til aa fortelja, at det var
for-underlegt i Grunnen, at tvo-tri hundra Gutar i
Tjuge-aarsalderen kunde sitja saman ein heil Kveld og drikke
Puns og hava det hyggjelegt, og so ikkje halde so mykje
som ei Tale eingong for det som unge Gutar jamt var
so galne etter, nemleg Kvinna (Hurra! Hurra! Staak);
Daniel kjende ein litin heit Styng i Bryste og tenkte
paa Inga; men Berta Maria vilde og fram, og det var
i Grunnen so leidt aa vise henne ifraa seg. Men, sagde
Dølen og vart sterkare i Mæle, naar dei unge
Ungkarane ikkje gjorde si Plikt, so fekk dei gamle taka i;
for Gud hjelpe oss alle, um Kvinna vart oss ublid!
Og so vilde no han freiste paa aa ofre eit lité
Røyk-offer for den strenge, men likevel so inderleg snilde
Gudinna, eller Gydja som det heitte paa norskt; og det
vilde han gjera for oss alle her, liksom dei katolske
Prestane drakk for alle sine Sokneborns Syndir; og daa
vona han, at ingin av alle desse Gutane her skulde
koma ut for anna enn godt og blidt ifraa Kvinna.

Dei sagde nok at ho var den veike og Mannen den
sterke; og det stod tilmed skrivi, at Kvinna var eit
skrøpelegt Kar; men — Skam far i det! — ho var

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0094.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free