Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
210
BONDESTUDENTAR
Ekstraskrivar her enn grava seg ned paa Bondebygdi og
vera Lærar i Livsvisdom.
Han leigde seg eit 4 Dalars Rom i Homannsbyen;
vilde bu som Folk. So gjekk han til Skræddaren.
Betala sine gamle Klæde og borga seg nye, dei finaste
han enno hadde aatt. Hjaa Hattemakaren kom han i
Skade for aa kaupe seg ein Flosshatt; hadde ikkje
nettupp tenkt paa dette; men ein Gong laut det no til.
Sistpaa kaupte han eit Par svarte Hanskar. Og daa
han so ein Dag stod for Spegilen og mynstra seg, kunde
han ikkje anna finne enn at han saag godt ut. Skjegge
hadde vaksi og Haare myrkna; og Aksline fekk han
rette upp; det var elles mange som var akslegruve.
Han krulla paa Munnskjegge og tenkte med seg, at
naar han no berre kom paa Danseskule og fekk lært
alt som høyrde den formelle Daning til, so skulde han
bli ein rett præsentabel Herre.
Men daa han kom paa Gata i den nye Stasen sin,
totte han alt Folk gjekk og glodde paa han. Dei fann
det vel rart, at han, som berre var Bondegut, vilde
gaa aa sprikje og vera Storkar . . . ha-ha; at slike
Tankar enno kunde koma for ’n! Han keika seg upp
og sette frons urbana so godt han kunde; for det var
den, det spurdest um. Men det var ikkje alltid det
hjelpte. Folk var so flirvise og krønske; fælt so store
paa det; men dei kunde vente. Dei kunde vente, dei
gode Folk. Naar han ein Gong kom i Kappe og Krage,
og dei daa kannhende sat i Kyrkja og høyrde sin Dom
av hans Munn, so gløymde dei nok aa flire; — huff,
den som kunde bli Bisp! —
— Han gjekk paa Helsing til Grosserar Storr og
vart vel fagna. Grosseraren sjølv var ikkje heime;
men Fru Louise var greid. Reint som ei Syster var
ho imot han, og vilde alltid han skulde fortelja um seg
sjølv. Daniel hadde ikkje noko imot aa gjera henne
til Viljes i dette Stykke; alt som han vilde ho skulde
vita fortalde han. Og han fortalde ikkje anna enn som
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>