Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
MANNFOLK
263
og gjekk vent; mager var ho; berre Muskulatur; men
ein fekk alltid nok av Daudkjøt. Det bleike Andlite
saag ut som det var aalvorsamt berre paa Skjemt; og
det var visst so au; for naar ho ein Hende Gong
smilte, vart ho livleg og lystig aa sjaa til som ei
sekstanaars Gatetaus. Augo var smaae; kva Lit dei
hadde var vandt aa avgjera; det var eit Par rare Augo,
og det sat ein Skjelm i kvar Augnekrok. Men ho
gjekk ut og inn i Huse so stød som ein Prest; og ho
var visst so skikkeleg som Gjente kunde vera.
Kandidat Braut skyna ikkje kvar Kona hans hadde
vori denne Gongen. For honom kunde det vera det
same; han var ikkje den som laag etter Gjentune i
Huse; men det var greidt at Hanna hadde teki i Miss,
og det hadde han som ei Moro av.
Mindre end nokon Gong lika han aa høyre Kona si
tala um Kjærleik. Men det tok ho heller til att med no.
So snart det var den minste Ting han ikkje gjorde henne
til Lags i, so kom det: der kunde ein sjaa, kor mykje
han brydde seg um henne. Han saag visst helst at
ho laag i Jordi. Og rett som det var grét ho. Det
vart verre og verre aa ljuge for Husfredens Skuld. Han
tagde helst, og luska ut naar det vart for ille.
Det gjekk so vidt stundom, at han tenkte seg den
Tingen aa slaa seg likeglad og søkje slik Trøyst som
mange andre søkte. Hummelvik’en t. D.; naar hans
Kjering vart for leid, so rusla berre Hummelvik ned i
„Fallgruben" og drakk seg full; og um eit Bil var
Kjeringi blid att. Men det var sant, — Hummelvik’en
hadde ikkje nokon aa svara fyri, han. Han trudde
korkje paa Gud eller Djevel . . . stakkars Mann; Daniel
Braut gjorde Knefall i sitt Hjarta og bad um Naade
for dei ville Tankane sine.
Hjelp mot Kona si fekk han ein Dag fraa den Kanten
han minst hadde venta.
I Luthersk Kirketidende stod det eit Stykke av ein
Professor um Ægteskapstankane i vaar Tid. Daa Hanna
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>