- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
267

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

MANNFOLK

267

Han kunde ikkje taka henne det ille upp. Han
forstod, at ho maatte ha det vondt, og at ho serleg maatte
ha lite Fred i sitt Samvit. Daa ho kom inn att etter
Kaffibrette, tala han mildt til henne; men han var eit
Grand ustød i Maale. „Du er ei snild Gjente, Helene,"
sa han; „men du hev det visst ikkje godt?" Jau Takk,
ho hadde det nokso godt ho, sa ho. „Mm," heldt
Kandidaten fram, „um —, um der er eit og anna, som
. . . som tyngjer, so . . . skal ein ikkje tapa Mode,
Helene." Ho tok til aa stire. „Ein hev Lov til aa
tru," heldt Kandidaten fram, meir og meir ustødt, „at
Vaarherre kannhende . . . ikkje i alle Ting . . . dømer
so strengt som —. Han veit at me er veike, og at
Djevelen er sterk, og . . . For honom er det vel . . .
for honom er det vel . . . Kjærleiken, det gjeld um,
likso mykje som — som — som dei ytre Formir. Den
som elskar mykje, veit du, honom skal mykje bli
til-gjevi; ein skal ikkje —

Helene var ute.

Kand. Braut var eit Grand raud, eit Grand heit i
Augo. „Hm, ho tok det paa sin Maate ho," murra
han. Han reis upp og gjekk nokre Stig; rusla so
attende og sette seg.

Um ei Stund sa han, halvhøgt men tydeleg: „apage
Satanas." —

— Helene stod ut-i Kjøken bleik som Bast. Han
veit det, kviskra ho; han veit det.

Ho vart so veik i Knei; ho laut setja seg. Paa ein
Pinnestol som var sund i Ryggen sat ho og seig ihop,
som Beini i henne skulde vera brotne.

Det var vel slutt no. Straffi kom nok fyrr ein vardest.

Kandidaten var snild. Han vilde visst vera rimeleg.
Men Frua.

Frua visste det vel, ho og. Eller fekk snart vita
det. Dei kunde nok ikkje tegja for kvarandre med
slikt, Mann og Kjering, naar dei var i Godlag.

Den som kunde forstaa —. Dei hadde daa alltid

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0277.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free