- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
398

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

398

MANNFOLK 398

paa Kaffihus; Georg hadde funni att sin beste Vén
fraa Studenterdagane der. Romi var stuslege og
Kon-jaken vond, og keidt og leidt hadde dei det; men
Karane heldt trufast ut; og rødde gjorde dei um alle
Ting, men mest um Kvendi. So sat vel Kvendi heime
og hadde det likso keidt og rødde um Mennane. Fraa
kvarandre maatte dei vera. Som det stod i Legenden:
„der var et svelgende Dyb befæstet" millom desse tvo
Menneskje-Helvtine, som ikkje kunde trivast kvar for
seg. Og so sat ho paa sin Kant og tenkte styvelegt
um oss, og me gjekk paa vaar Kant og lærde oss upp
til aa tenkje raatt um henne; og freista me sist-paa aa
finnast att, so hadde me kvar sitt Tungemaal og kvar
sitt Liv og kunde ikkje semjast; og strakst kom Mannen
attende til Kaffihuse; det var Flaska som heldt best ut.

Skulane burde gjeva Upplæring i dei Syndir som
Folk skulde hangle seg gjenom Live med i eit brutalt
Samfund; mangt kunde gaa lettare daa. Altfor mykje
tufsut og stygt var der aa sjaa for den som var ute.
Laurits kvitna der han sat; Georg fortalde i harme Ord, at
Helene for eit Par Dagar sidan hadde „afleveret" den
„Ungen", som nok ingin hadde ynskt skulde koma til Verdi.

Men Laurits kom seg. Ei sæl Von glødde upp i
han; Barne var sjukt. Lite Liv var der i det fraa
Upphave; og fekk det dertil daarlegt Stell, som det
sjølvsagt fekk, so vilde det slokne som ei raa Fyrstikke.

Laurits reiste seg og gjekk Golve att og fram i heite
Vonir. Det vilde vera so godt for alle, um Barne
fekk døy. Og daa vart det ikkje Spurlag etter Barnefar,
trudde han. Alt vilde vera dult og døyvt, ute or Verdi
som ugjord Gjerning.

Lengi lengta han etter nytt Brev; for kvar Dag
sterkare. Posten kom Sundag og Torsdag; daa var
Laurits alltid hjaa Postopnaren, orventin og bleik, med
meir og meir Banking i Bringa.

I denne Tid fekk han eit Brev fraa Dagmar som
vitskræmde han mest.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0408.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free