Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ikkje lenger att-ende enn til Farfar hans Ole Johannes.
Men det skulde ha vori ein Raring. Han hadde vori ute
i Kongens Teneste; og daa han kom heim att var han
so klok vortin, at han meinte han skulde kunna faa til
eit Gangverk som gjekk av seg sjølv. Dette fekk han
ikkje til; men han skulde ha laga ihop mange snodige
Greidur. Son hans heitte Dagfinn; det var honom Daniel
var uppkalla etter; han hadde vori Skattegravar. Alle
dei Haugar som paa Garden fanst hadde han rota upp;
men han hadde ikkje funni anna enn noko gamalt
Jønn-skrap. Og Garden hadde han ikke brytt seg um. So
kom Ole Johannes. Han hadde vori Skulemeistar i
Ungdomen og galdt for ein klok Mann. Men stilt för han og
smaatt; og ein Arbeidar var han so trugin som ein Træl;
og dei sagde han hadde arbeidt seg so vidt upp no, at
han mest var skuldfri paa Garden. Han hadde tri Sønir.
Den eldste, han Elias — «Lias», som han heitte til
Kvardags —, var ein tung Slamp, men ein Arbeidstræl
liksom Faren; den andre, han Jeremias, hadde fari til
Sjøs og vedkjem ikkje denne Sogo; etter Jeremias kom
ei dotter, Naomi, som «hadde vori so sæl at ho hadde
fengi døytt»; so kom Judit; og so Daniel. Han svipa
visst attpaa gamle Dagfinn; for der var Hovud paa han,
sa Folk; han «var den klokaste i heile Huse». Det var
ikkje nok med at han kunde lesa og skrive og rekne
med; «han var so brennande god til aa svara or
Grunnen» ; «det var som han kunde vera Son aat Presten
mest«. Men Arbeidshug hadde han ikkje; «han kunde
visst ha best Hug til aa vera Skattegravar liksom den
han heitte etter».
Men større Draumar vaks hjaa Daniel.
Det gildaste og gjævaste som fanst, det var dette
store straalande — Taarn, liksom, av Magt og Glans,
som bygde seg upp i Landa fraa Lensmann og Skule-
13
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>