- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
24

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Aandsstriden. Dette forstod ikkje Daniel. Kunde rike og
lærde Folk vera Matstrævarer? Ja; naar Kapellanen
sagde det —. Og han fekk nok vera glad at han vart
førd ein betre Veg fram. Elles hadde han ikkje nettupp
vori rædd for aa lære Leksur.

Dei brydde seg inkje um den tyske Grammatiken. Tok
til med Leseboki; Maal-Lovine fekk dei lære gjenom
Maale. Kapellanen las upp og umsette; Daniel gjorde
det same etter. Og det gjekk godt. Hugsa ikkje Daniel
Ordi, so hugsa han Innhalde; han lærde og snart aa
gisse seg til Meiningi i mange Ord; dei som kom oftast
att lærde han. Det gjekk godt dette, totte Daniel.

Det same totte Kapellanen. Han var fornøgd baade
med Guten og med Metoden; paa denne Maaten skulde
der koma Aand inn i sjølve Tyskemaale. Og han skreiv
i eit Skuleblad um, kor godt det gjekk med den nye
Metoden.

Likso sæl som Læraren var i denne, likso sæl var
Daniel av di han endeleg kunde fortelja at han las tysk.
Han lagde serleg Merke til slike Ord og Vendingar som
han kunde faa Bruk for; deim lærde han, so han kunde
ha noko aa slaa fraa seg med heime, og noko aa briske
seg med i Klokkarskulen.

Der galdt han for mykje til Kar; og han treivst der.
Millom anna og av di han lika so godt Inga Holm,
Klokkardotteri. Denne Inga var ein rund, søt litin Ting,
med eit godt, blidt Andlit og fagre Faktir; Augo laag
liksom halvt attlatne og smaadrøymde, symjande i mild,
svevnug Glans. Det var forunderlegt so ljos og
hyggjeleg Skulestogo vart naar ho kom inn. Der var noko
serskilt ved henne som Daniel aldri saag hjaa andre; alt
det ho gjorde, um ho so berre rørde ein Finger, — det
var so tekkjelegt, so uskyldigt, so vent aa sjaa paa.
Men Augo var som Solglyttar. Kom ho til aa sjaa burt

24

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free