Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
for Borde og kunde sjaa ut yvi heile Prestegardstune.
Daa ser han eit Kvinnfolk, som kjem stigande fram mot
Huse paa slik ein underleg Maate. Ho var fatig klædd,
og litt upp i Aari; eit Bygde-Menneskje. Men i Hælane
paa seg hadde ho Apollo, som var morsk aa sjaa, og
sleit henne i Stakken stundom. Ho var jammerleg rædd.
Gaa fort torde ho ikkje, og stana eller snu torde ho
minst; so kom ho stigande i stutte, stive, ustøde Stig
liksom ho gjekk i Ørska. Alt i eitt glytte ho ikring som
etter Hjelp; men der var ikkje Folk nokon Stad; ho
var aaleine med dette Dyre. Og Daniel saag kor ho
bleikna for kvart Stig. Munnen stod opin; Augo steig
store og kvitnande fram or Hausen; det saag ut som
ho svimra, som ho ikkje kjende kor ho sette Foten.
Kandidaten saag paa Daniel at det var eitkvart tids;
han saag ut. Daa rauk Boki paa Golve, og Kandidaten
paa Døri; ut gjenom Stogu og Gang og Utedør; der
berga han fyrst Kvinnfolke i Hus, og daa so Apollo kom,
flikrande og snikjande og skulde gjera seg gild for
Husbond av di han hadde vori so glup, drog Kandidaten
fram ein Stav han hadde løynt attum Ryggen sin, og
lagde til Bikkja so ho dreiv langt burt-yvi Tune. Og
skreik gjorde ho som ein brend Djevel. Det var stygt aa
høyre paa. Ylande, gnistande, med Halen under Buken
og Ryggen uppskotin rømde ho rundt; og Kandidaten
etter; — daa kom Presten. «Henning!» ropa han;
«Henning?» — Og Henning, som saag at han ikkje stod att
Bikkja, snudde seg mot Far sin. Haare hans valt
ned-yvi Panne og Øyro; Andlite var kvitt; som han stod der
framfor Presten rak og harm, skjelvande av Sinne, var
han fager. «Naa, er du der, Far,» sa han. Og han heldt
fram: vart ikkje Beiste no bundi, so tynte han det! —
Meir kunde ikkje Daniel høyre.
Men daa Kandidaten kom inn att, var han i Ulag, og
36
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>