Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Daniel laut gaa. Snart etter fekk han høyre, at
Kandidaten hadde fengi ein Post i Kristiania.
Daniel tok ikkje dette tungt; det laga seg vel, tenkte
han; no kom snart den nye Kapellanen. Og han Far var
meir uppsett paa aa faa Sonen fram til Prest enn Daniel
hadde tenkt; so no skyna Daniel at han turvte ikkje
ræddast lenger.
—- Ja; Moldtrælen vilde gjerne hava Son sin fram til
Prest.
Han tala fleire Gongir med Kandidat Massmann um
Daniel. Og Kandidaten gav han godt Mod. Guten hev
eit 1 e 11 Hovud, sagde han, og greider seg utrulegt. Men
paa Skule maa han. Dette her vert berre upp i Tufs,
som du ser, og han vert aldri ferdug. — Kor langt han
kann naa ? — Haa; ein god Embættsmann kann han bli;
ein... slik som dei vil hava han; «send ham paa
Fa-briken, Ole Johannes!»
Daa Ole Johannes fekk vita kva «Fabriken» var, lika
han denne Raadi ikkje so ille. Men daa han rødde med
Mari um det, sagde ho plent nei. Styre den unge Guten
aaleine heilt til Kristiania, der han kunde koma ut for
baade Frimaurar og anna stygt, det fekk dei aldri henne
med paa. Skulde han nokon Stad av, so kunde dei sende
han paa Latinskulen i Byen; men elles kunde han vera
heime no som fyrr, og gaa hjaa den nye Kapellanen,
naar han kom.
Den nye Kapellanen kom. Det var ein liten raudbleik
Kar med ljost Haar og raudt Skjegg; det fyrste han
gjorde var aa gjera seg kjend med dei vakte. Daa Ole
Johannes tala med han um Daniel, svara han snøgt, at
han skulde skrive til Rektor ved Latinskulen og faa alle
naudsynlege Upplysningar; sjølv var han rædd han fekk
so mykje aa gjera i Kyrkjelyden, at han ikkje fekk
Stundir til «Privatundervisning».
37
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>