- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
38

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ole Johannes sagde Takk. Vilde Presten høyre etter
um Prisen, og um kor lengi dei maatte gaa paa den
Skulen, so var det svært snildt. Men — Ole Johannes
kom endaa ein Gong upp med sin store, gamle Tvil —:
trudde Presten at det kunde nytte aa halde Guten i
so høge Skular ? V a r det Raad for ein simpel
Bonde-son aa koma so høgt upp? Kapellanen smilte og sagde,
at me hadde Bondegutar som var Bispar. Daa tagna
Ole Johannes. Men store Draumar sveiv fram for Syni
hans; den som ikkje vaaga, han ikkje vann...

Fraa Rektor fekk dei «alle naudsynlege
Upplysnin-gar». Daniel kunde koma inn i 3dje Latinklasse,
kann-hende. Det lét seg altso kanskje gjera paa tri Aar.
Og Skulepengane var ikkje store. Dessutan var det Von
um Friplass, naar Guten hadde vori paa Skulen eit Aars
Tid. Dette totte Ole Johannes ikkje var so ille endaa.
Serleg lika han det um Friplassen. Og naar so Guten
budde hjaa Hans Nerstad, og dei sjølve hjelpte han til
med det meste av det han trong til Mat, so vart det vel
ikkje so mykje dyrare. Det same meinte Mari. Pengar
laut ein laane; det sagde seg sjølv. Men deim fekk Guten
sjølv betala naar han kom i Embætte. —

So vart Endelykten den, at Ole Johannes gjekk ned
til Storhandlaren paa Nese, han Jens i Larsebakken eller
Jens Bakke som han skreiv seg, og laante 100 Dalar, so
han kunde faa Son sin paa Byskulen. Og no meinte
Daniel han hadde vunni.

For det fyrste skulde han faa koma ut. Og for det
andre skulde han faa koma til byen. Han hadde ikkje
vori mange Gongir der. Men han hadde vori der so mykje
at han visste kva Byen var. Med sine høge Taarn, med
sine fagre Hus i lange, lysande Radir, med straalande
Krambuir fulle av alt som gildt var, med Hagar og
Tre, med stolte, fine Folk som gjekk og strauk paa Gata

38

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0040.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free