- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
39

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i Gull og Silke og blanke Sko og visste korkje av Arbeid
eller Sut aa segja, totte Daniel at Byen minnte um det
nye Jerusalem. Men Innferdi til Byen minte um
Paradis. Store, kvite, staselege Hus med Glasdørir, med
Høg-svalir kvilande paa kvite Stolpar og umvaksne med
grønt Lauv, med ljose, herlege Salar straalande av
Krystal og Gull liksom Salomons Tempel, og rundt
ikring svære, døkke Hagar med Lauvgjerde og staute
Traleverk av støypt Malm, yviskygde av framande Tre
store og forunderlege som Sedrar paa Libanon ... Daniel
kunde ikkje drøyme seg noko fagrare. Alt var paa ei
onnor Gjerd enn heime. Framandt, forunderlegt,
stor-fellt, berre meint paa aa vera fagert. Ein kunde sjaa
at Folk ikkje turvte tenkje paa Pengar her. Kong
Salomons Rikdomar aatte dei, og Kong Salomons
Herlegdom bygde dei upp att.

Og no skulde han faa vera i Byen. Ikkje ein Dag,
ikkje tvo Dagar, men Aar; og han skulde sjølv vera
Bygut. Fint klædd skulde han dagstødt gaa og spenne
i dei stolte steinsette Gatune og sjaa paa Stas og Staak
og Liv og gilde Krambuir og paa Hamni store Skip, med
Segl so vide som Havreaakrar, og med Mastir so høge
som Kyrkjetaarn. Og han skulde faa eta Bymat, og gaa
paa kvite Golv med Aaklæde paa, og sitja i Sofabenkir
so mjuke som Sengir; og han skulde faa høyre Spél og
Trommeslaatt um Dagen og Vektarsong um Natti, og
sjaa Apekattar dansande paa Lirekassur og Bjørnar
som gjorde Kunstir paa Svabbesalen, og Linedansarar,
og Trollmennar som aat Eld og svelgde store Sablar og
Sverd. Endelaust mykje stort skulde han koma uppi;
no fyrst tok Live til; han var den sælaste Bondeguten
paa Jordi.

Nei, ikkje den sælaste. For no skulde han ikkje faa
vera i Neskyrkja kvar Sundag og sjaa Inga Holm. Men

39

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free