- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
40

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

so mykje gildare skulde det vera aa koma heimatt ender
og daa, og vise seg i Kyrkja for henne og for heile
Aalmugen, naar han var Bygut.

Han torde knapt sjaa sine Jamnaldringar i Augo
lenger. Han kjende seg som ein Syndar mot deim, av
di han aaleine skulde koma upp i alt dette. Og dei
maatte ikkje faa den Trui at han var stor paa det.
Men i Grunnen høyrde han ikkje ihop med desse
Bonde-folki lenger. Til Hausten skulde han vera Bymann, fint
klædd og med fint Maal; daa vilde han vera eit anna
Menneskje.

Det gjekk Gjetord um dette i Bygdi. Daniel totte Folk
saag paa han med andre Augo enn fyrr. Det gjorde dei
au. Men rundt um paa Gardom gjekk Skravle som
Vindkvernar. Og Ole Johannes Sørbraut vart so
fingerfarin, og Framferdi hans so utlagd og uttolka, at hadde
han høyrt Helvti av det, so hadde han vorti galin. —

— Daniel kom til byen. Og hjaa Hans Nerstad vart
han leigd inn. Men det viste seg at han ikkje kunde
koma høgre upp enn i 2dre Latinklassa. Det var eit Aar
spillt. Og jamvel i andre Klassa fekk Daniel nok aa
gjera med aa vinne seg etter.

Han fekk andre Ting au aa staa i.
«Klassekamme-ratane», som saag at han var snild, gav seg til aa gjera
Narr av «Bondetampen», som «tala Landsmaal». Og
tilslutt gav dei seg til aa gjera Narr av Namne hans.

Han var innskrivin i Bøkane for «Daniel Olsen
Sør-brød». Det sagde seg daa sjølv at han vart heitande
«Surbrød». Og denne Skjemten totte dei Labanane var
so framifraa, at dei i alle Fristundir flokka seg um han
og ropa paa «Surbrød». Kor mykje kosta Surbrøde i
i Dag?

Daniel var vaksin Kar, og snild og tolmodig. Men
dette gjekk so innpaa han, at han sistpaa mest grét.

40

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0042.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free