Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Brennevin? — Ja; um det kom eit Menneskje! Det
skulde vera so gildt alt no, maa tru. Mari kunde ikkje
skyna kvar det skulde bera av. Men Daniel lika i
Grunnen dette. Og til Mor si sagde han, at det var visst
ikkje faarlegt. Han far visste nok kva han gjorde; ho
skulde ikkje syte for det. Kannhende hadde han, naar
alt kom ihop, betre Raad enn nokon visste. Aa Gud
betre oss for Raadi, sutra Mari; det var nok laante
Pengar han flaut paa no. Ja det var kje so visst, meinte
Daniel; ein skulde ikkje tru ein Bonde lenger enn til
Tennane i sovori. Mari saag paa Son sin; slog so Augo
ned att og sukka. Ho forstod at ho nok ikkje fekk
nokor Hjelp her.
— Daa Daniel var heime i Joli, fekk han sjølv sjaa,
at Huse var komi paa ein ny Fot. Og glad var han.
Det var Framandfolk komne som skulde sjaa «Byguten»;
og alle livde godt; der var stor Høgtid. Daniel maatte
lesa Tysk og Latin for dei framande; og han saag kor
kry Gamlingen vart, naar dei roste Guten og undrast
paa alt han hadde lært. Men Lias, den Slampen, gjekk
ikring so sur og tver som han skulde vera ovundsam
paa Bror sin.
Her paa Bondebygdi kjende Daniel seg fin Gut; og
han viste seg fram kvar han kunde, helst naar han
hadde Von um at Inga Holm kunde koma til aa sjaa
han. Tala til henne tenkte han ikkje paa. Men han viste
seg fram; og naar han trudde ho saag han, gjorde han
seg strak og karsleg. Og bad til Vaarherre um at ho
maatte like han.
Tidi fra Jol til Vaaren drog seg uendelegt seint. Han
vart so leid av Leksestræve at han stundom tenkte paa
aa fuske; men han kunde ikkje. Han hadde ikkje Lage.
Og ikkje det rolege Samvit som Bygutane. Vilde han
freiste, kom Læraren til aa skyna det strakst. Men det
46
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>