Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
hende ikkje so sjeldan at han fekk Hans Nerstad til aa
skrive Sjukesetel for seg, naar han hadde altfor stor
Uhug til Skulen.
I Staden for aa lesa sat han daa gjerne heime og
drøymde um Inga, som han vilde skrive Friarbrev til,
so snart han vart Student. Og han gjorde Vers um sin
store Elskhug. Det var eit strævalt Arbeid aa gjera
Vers; men det var so hyggjelegt aa stelle med noko
som vedkom «Henne».
Heile Skulen var som leid av seg i denne Tidi. Gutane
forsømde, Lærarane stundom med. Leksune dei fekk var
so stutte, at dei kom ingin Veg; og endaa laut dei
Gong paa Gong taka deim upp att, av di ingin lærde
deim.
Fraa Januar var det komi tvo nye Gutar inn i Klassa,
den eine ein Lensmannsson, Ole Bentsen, den andre,
Peter Didriksen, Son av ein Høker paa Nese. Med desse
prøvde Klassa ei Stund aa hava Moro; men det vart
ikkje noko av. Dei visste aa klara seg, desse tvo. Godt
heldt dei ihop; og klokt stelte dei seg. Ole Bentsen var
tagall og likeglad som ein Sælhund, so honom beit
ingin-ting paa; og Peter Didriksen — som elles vart heitande
Peter Dirk —, visste aa svara for seg so snøgt og
smaa-lentugt, at ingin var god for aa maalbinde han. Daniel
og Kristian prøvde ei Stund aa halda Lag med desse tvo
Karane; dei var daa Landsfolk, dei au. Men Ole
Bentsen og Peter Dirk vilde nok helst hava finare Lag. Det
var Gutar som visste aa greide seg. Dei var med paa
jamvel faarlege Ting, som Kortspel, ja um det var ei
halv Flaske 01 med Sigar; men dei visste alltid aa stelle
seg so, at um gali skulde gaa, so kunde ikkje d e i faa
Skuldi. Lesehestar var det av Velten. Men dei jamra
yvi at det gjekk so smaatt; og Hausten etter melde dei
seg ut av Skulen og reiste til Kristiania; ein kunde faa
47
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>