- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
48

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Eksamen baade snøggare og billegare naar ein gjekk
paa «Fabriken», sa dei. —

— Endeleg tok det til aa lide fram mot Aarsprøva.
Daa vart det ein annan Dans; det tok til aa livne og
kvikne i baade Gutar og Lærarar, liksom det vert Uro
i ein Smalagarde, naar det dreg upp til Uver. No kom
Bøkane for ein Dag; og no kom Kunskapen og Arbeide
til Ære. Kor mykje hadde den lesi til i Dag, og kor
mykje hadde den lesi ? Kunde Per det ? Kunde Paal
det ? Kva tydde det Orde, og kva tydde det Orde ?
Kva var det for Præposisjonar som styrde Ablativ,
Akkusativ, Dativ ? Kunde Per det Bevise ? kunde Paal
konstruere den Polygonen ? Anna var ikkje høyrande
fraa Morgon til Kveld; Daniel vart reint fælin av all
denne Lærdomen. Han totte han kunde ingin Ting.
Ikkje hadde han Tiltak til aa lesa heller, meir enn Leksa
for Dagen daa. Ikkje fyrr det kom so langt at Prøva
tok til, so han visste naar han skulde upp i kvart Fag,
fekk han si fulle Lesekraft. Men daa las han paa Spreng.

Og han klara seg. Han kunde ikkje mykje; og det
han kunde var han ustød i, av di han var uklaar i
Grunnane. Men naar han sat ved Eksamensborde, greidde
han seg likevel. Han forstod det mest ikkje sjølv; men
han hadde fraa Barne av øvt seg upp i aa sjaa og høyre
paa Læraren, kva Svar det var som kravdest; og den
Kunsten bruka han, um han so ikkje visste um det.

Han vart Nummer 9. Der var Futesønir, ja
Preste-sønir som kom nedanfor honom; det totte han var mest
utrulegt. Det same totte Ole Johannes, daa Sonen kom
heim og fortalde det; og Gamlingen kunde ikkje dylja
at han var kaut av dette.

Elles var han tung og tagall av seg no att. Daniel
undrast paa dette; men gamle Mari kunde fortelja, at
han Far hadde set Ende paa dei 100 Dalarne fyrr han

48

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free