- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
54

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Pengane skulde vera reint burtkasta, totte Tarald.
Dessutan skulde Guten vera klok. Og det vilde vera godt um
me kunde faa Embættsmennar av Bondestand. Dei me
no hadde, var so framandslege og kjende so lite til Live
hjaa Folke, at det var plent som dei skulde vera ein
annan Nasjon. Bondegutane derimot, dei visste kva
Folke hadde aa staa i.

Han hadde rødt eit Grand med Daniel; det saag ut
til aa vera ein snild Gut. Tarald kom innum ein Gong
sidan og rødde meir med Daniel. Denne totte ikkje at
han, ein Skulegut, kunde hava Meiningar mot ein Mann
som gamle Lensmannen; og dei kom godt til Lags.
Berre naar Tarald kom innpaa um Jaabæk og
Spare-tanken, og um at Embættsmennane hadde det so altfor
feitt, daa kunde ikkje Daniel vera heilt med. Men han
vilde ikkje segja imot heller; han sagde han hadde havt
for annsamt paa Skulen til aa fylgje med i alt slikt.
Men daa han saag at Tarald Ruste ikkje var fornøgd
med dette, lagde han snøgt til, at sjølvsagt var
Sparsemd ein god Ting. «Ja, det lærer du nok aa forstaa!»
meinte Tarald.

Etter dette hadde Daniel mest som ei Von um
Lensmann Ruste.

Og Lensmann Ruste hadde Vonir um Daniel. Han
gjekk og undrast paa, kven han skulde faa med seg til
aa hjelpe Guten fram. I Bygdi var der ingin som aatte
Pengar utan Presten; men det var ingin som gjekk til
Presten etter Pengehjelp. Eit Par Mennar i Byen var
det som ein kannhende kunde freiste. Grosserar Helle
var ein greid Kar i visse Maatar, endaa han ikkje heldt
med Jaabæk. Det var dei som tvila paa, um Grosserar
Helle var so rik som han staaka til; men Tarald tvila
ikkje. Og so var det gamle Finsen. Han hadde hjelpt
ein slik Gut fyrr, han; det var alltid ein som vilde paa

54

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0056.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free