- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
55

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Missjonsskulen; men kven veit; han gjekk gjerne med
her au. Tarald Ruste køyrde til Byen ein Dag og tala
med desse Mennane. Og det gjekk godt. Grosserar Helle
sagde Ja paa fyrste orde. Finsen var seigare; for han
hadde lova Vaarherre aa brüka alt det han kunde
av-sjaa til Sulu-Missjonen. Men sistpaa gav han seg.
Kann-hende Vaarherre kunde bøygje Hjarta hjaa denne
Bondeguten slik, at han og vart Missjonær ein Gong? Ein
fekk setja alt i Herrens Hand, meinte Finsen. So vart
desse tri Mennane samstellte um, at dei skulde hjelpe
Daniel Sørbraut fram til Student-Eksamen. Og Helle
vilde dei skulde sende Guten til Kristiania paa
«Fabri-ken» og faa han «ferdig i en fart»; det var baade
billegare og betre, sagde han; og so hadde Jonas
Didriksen paa Nese gjort med han Peter, Son sin. Dette gjekk
dei med paa, dei andre.

So kom Tarald Ruste svært kry ein Kveld køyrande
til Sørbraut med dette Fagnadböde. Og velkomin vart
han. Heile Huse kom paa Ende; Daniel lo; Mari koka
Kaffi; Judit gjekk og stelte um Lensmannen som det
var ein gamall Bestefar; sjølve Lias smilte. Mari lika
ikkje alt so godt det at Daniel skulde til Kristiania;
men ein kunde ikkje setja seg paa Bakføtane no. Ho
berre spurde seg fyri; var det ikkje vaaglegt aa sende
so ung ein Gut der inn; der skulde vera so mange stygge
Folk, Frimaurar og Fritenkjarar og... «Langtifraa!»
sagde Tarald Ruste. Dei sende yngre Gutar enn Daniel
der inn; dessutan so var det berre noko Tøv det, at
Frimaurane slagta Folk og sende deim til Tyrkrie. Det
var skikkelege Folk i Kristiania som her. Latinarer var
dei, og Embættsvénir, og elles noko stort Herk i mange
Maatar; men det kom ikkje Daniel ved; han klara seg
nok. Dermed laut Mari lata seg lite.

Daniel hadde ikkje Fred heime lenger. I Kristiania

55

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0057.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free