- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
56

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

var det han skulde finne det store og ædle og fagre
paa Jordi; og Byen bygde seg upp i hans Hugsyn som
ein Skog av kvite Taarn. Der vilde eit heilt nytt Liv
taka til; men mot Inga Holm vilde han alle Dagar vera
trufast. —

— Lengi venta kom endeleg den store Tysdagen, daa
han skulde av Stad. Ho Mor og han Lias fylgde til
Byen; sistpaa stod dei alle paa Eimbaatsbryggja. Mari
var so rædd ho skulde ha gløymt eitkvart; «er det
ikkje so at du kunde turva endaa eit Nysta med graatt
Ullgarn?» Men Daniel meinte han hadde Ullgarn nok;
han berre venta paa Baaten. So snart denne hadde lagt
til Bryggja krabba han seg umbord; og han sagde
Farvel til Mor si og Bror sin med Hjarta bankande av
uroleg Giede.

Det ringde tridje Gongen; Baaten sette i med ein
for-skræmeleg Yl og tok til aa arbeide seg ut fraa Bryggja.
Farvel! Farvel! høyrde ein rundt ikring, og kvite
Lüm-medukar tok til aa slaa i Lufti som mange smaae
Ven-gir. Men der var ingin som veifta til Daniel. Gamle
Mari hadde kje nokon Duk aa veifte med; det vesle
Lümmaplagge sitt av raudrosut Bommullsty hadde ho
gløymt etter heime. Ho stod uti den eine Kanten av
Bryggja, langt burte fraa dei fine, og beit i
Plagg-snippen og saag etter Daniel med raude Augo; det var
so vondt aa tenkje paa at han skulde so langt burt.
Ho vilde ikkje graate so framande Folk saag det; men
Graaten var ikkje god aa døyve. Han fyllte Bringa som
ein saar, varm Flaum, og fram vilde han, vilde han;
skar seg heit og brennande fram i Augo; vreid seg
bivrande um den magre Munnen. Men daa Baaten hadde
lagt heilt ut ifraa Bryggja, og ho saag «vesle Daniel»
staa aaleine paa Framdekke millom alle desse framande
som saag so reint uvedkomande ut, daa kunde ho ikkje

56

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0058.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free