Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
halde seg lenger. Ho snudde seg burt, bøygde Hovude
mot Hendane og grét, grét so det skok i dei gamle
slitne Aksiom.
IV.
«Olsen, Olsinis, Olsini, Olsinem, Olsen! Olsine,» —
deklinera Johannes Ortvedt.
Markus Olivarius Markussen lo i høgan Sky. «Ja det
er rett!» sagde han, «Olsen gjeng etter 3dje. Ha-ha-ha!
Olsen, Olsinis — ha-ha-ha! Ortvedt er ein Mann med
Idear!»
Daniel lika ikkje aa bli deklinera; men han lo med
so godt han kunde; han visste det nytta ikkje aa slaa
seg sint.
«Og der er Olsen den andre!» ropa Markus Olivarius
Markussen, som og var ein Mann med Idear.
Inn kom ein ung, høg Fyr med Hengje-Akslir og lang
Hals; Andlite blømde i tæringfine Litir.
«Nei Takk ska’ Di ha’!» sagde han med eit Bassmaal
som ingin skulde venta fraa slik ein Smalhans; «det
skal Di vera blaa for! ,Den andre’ er jæ mye for lang
til aa vera, ser Di.» Han lagde Bøkane sine ifraa seg;
tok Daniel under Armen; drog han med seg midt
fram-paa Golve; song so med brestande Mæle og store
Teater-f aktir:
«Jeg — er — Olsen den første, Olsen den første, Olsen den
første;
Han — er — Olsen den anden, Olsen den anden, Olsen den
anden, —
— Begge vise Mænd.»
Markus Olivarius Markussen lo i høgan Sky.
Johannes Ortvedt higra med; Augo hans lo, og Skjegge hans
57
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>