- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
61

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Ja naa, Gutter, naa faar Dere vera snilde mot en
gammal Mann!» tok han i paa sin skjemtefulle Maate,
mest med eit Graatemaal. Det var ikkje so greidt aa
vera til for honom heller, sa han. Det var nok av deim
som vilde gaa paa Skulen hans og lære Perioden og bli
Folk, og faa ei Grunnskuring i Livius — «aa, Livius,
Gutter!» — men so var det desse Skillingan, maa-tru.
Ja-ja; dei hadde visst vori saa snilde mot’n alle som
dei berre hadde kunna; men jaggu trongst det au. Han
var ein gamall fatig Mann; og i Dag, — «vet dere hva
som hendte mig i Dag, Gutter?» — Jau, i Dag, fyrr
Fanden fekk skott seg, hadde Gamlen havt «Besøk»,
— «Besøk av to svartklædte, høflige Mænd» ... «og Dere
vet vel, Gutter, hvad det har paa sig: aa faa Besøk av
to svartklædte høflige Mænd paa Morrakvisten ? Og vet
Dere det ikke, saa gid Dere aldri maa faa vite det.
Har Dere Penger, Gutter?»

Gutane lo. Og dei som hadde Pengar kom med deim.
Vestelümmur og Pungar vart vrengde og krengde rundt
alle Pultar; ein fann tvo Dalar, ein annan tri; sume var
rike og kom med Femma full; og Gamlen nappa til
seg alt han fekk i, liksom han var rædd dei skulde taka
det fraa han att. Men dei som inkje hadde, dei tagde
og liksom gøymde seg. Eller dei gjekk fram og orsaka
seg som dei best kunde.

Millom desse siste var det ein som Daniel gav Gaum
etter, av di han orsaka seg so godt; det var Bernt
Bruvik. Han fortalde ei Sogu som godt kunde vera
upp-dikta; men som han der stod, truverdig og
grunn-skikkeleg, trygg paa aa greide seg, med ærlegt Andlit
og usvikelege Augo, — ein var nøydd til aa taka hans
Ord gode, anten so ein trudde deim eller ei.

Daniel misunte Fyren denne Gaava til aa greide seg.
Men han tenkte mest paa Gamlen. Kunde alt Folk taka

61

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0063.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free