- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
63

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

eit Ordrag or denne Grammatiken skulde dei elles snart
faa. Men dei greidde seg med den Grammatiken dei fekk
i Timane. Det var ein sann Skalde-Grammatik. Sogur
og Bilæte i Fylgje og Flokk: um «Sprog-Geniusen» som
var komin til Jordi og hadde skapt Tungemaali; um
Præposisjonane som ein Gong «stod pent i Baas», men
sidan braut seg ut, so alt vart ei Babels Røre, eller um
Ordbolkane som det ikkje var tie men tri av; «i
Evighed! der er tre!» Allting var tri; det var endaa ein
fælt klok Mann, som hadde vorti galin av di han saag
at allting var tri; og no var Trilogien den høgste
filosofiske Sanning.

Men naar han tolka dei gamle Skribentane lika han
seg best. Daa var han som ein Eldleik av aandfulle
Lentur, og Bilæte og Likningar kom sprakande og
lysande so modigt og so lystigt som i ei Komedie av
Shakespeare.

Men norsk var han; og Daniel vart upp i Under yvi,
kor godt han fekk Latinen til aa høve med vaar
nordiske Aand. Naar han fortalde um «Cæsarguten», som
kom og gjorde Soll paa Remdølom og Bellovakingom i
Gallia, den Styggheita, som var so raa som Kua upp i
Aasen, daa var det so ein kjende seg mest altfor mykje
heime, totte Daniel.

Men han kunde vera klassisk au. Som naar han
fortalde um sin kjære Horats og um Live paa hans
Lystgård. Der livde dei idealt! Med Kransar av Vinlauv laag
dei til Bords ved den sildrande Kjelda og drakk den
perlande Falerner til Klangen av Lyre-Spel; «det var
noko anna enn aa liggje upp paa Romerike og dyrke
Poteter, det, Simon Husmo!»

— I Livius tok han i Dag Lars Risvold upp; daa visste
Klassa at her vart Gaman. Lars Risvold var. ein snild
Gut, men kunde kje noko. Han var av desse Bygdeljosi

63

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0065.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free