- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
64

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

som gjekk her inne og stræva Aar ut og Aar inn og
ingin Veg kom; aat upp og øydde burt fyrst det vesle
dei sjølve raadde, og so alt som Systken eller Skyldfolk
kunde skaffe, og sistpaa kvar Skillingen dei kunde laane
ihop; for heime galdt dei for store Ljos, og paa
Kyrkje-golve hadde dei stadi No. 1; Fleirtale av desse enda paa
«Fabriken».

Livius fortalde i Dag um Lartern Porsinnam. «Dette
er netop noe for dej, Lars,» sa Gamlen; «aa hetter
Lartern i Nominativ?» Men det kunde Lars ikkje greide.
Og Gamlen jamra: «ho er diger i Dag»; — «ho» var
den Trollmagti han slogst med jamt: «Raaheita». «Ja,
ja,» lagde han til; «det er verste Ti’a ossaa naa. Naar
’a kommer fra Fjelle om Høsten, saa er ’a feit, og saa
rauter ’a; men jeg er Fa’n pine mig inte rædd for aa
gaa inn i Baasen tel ’a lel, jeg!» — han rette seg upp.
Og han dreiv paa med Livius.

Men der umsette Lars Consilium med
Folkeforsamling. Gamlen upp. Stabba burtyvi Golve; vreid seg og
jamra seg. «Aa Gud hjelpe meg arme Mann. Det vert
ikkje Raad aa liva for meg i denne Verdi! Dersom du
fekk høyre, Lars, at det var komi ein Mann til Byen,
som heitte Krag, og du so kom paa Gata og saag ei
Kraake paa ein Hestelort, vilde du so taka Luva av deg
og helse paa Kraaka og segja Goddag, velborne Herr
Krag, velkomin til Byen? — Nei. — Men det er det du
gjer her, Lars! Du tek Kraaka for Krag, Lars! Hugsa
no det, Lars. Consilium med s er ikkje Concilium med c.
Aa, eg arme Mann! Aa, desse Karane som inginting vil
lære! Eg kann likso godt tinge meg Plass paa
Mangels-gaarden med det same!» Og han heldt fram med
graa-tande Maal og stor Jammer: «Aa er consilium med s,
Lars? ’aa er consilium med s, Lars Risvold? Consilium
med s, det er Samraad det, Lars Risvold! Det er

64

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free