Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Samraad det, Lars! Hugsa no det, og lat ikkje ein gamall
Mann svelte ihel for di Skuld! — Men Concilium med
c,» sagde han og vart stram, «det er Raadsforsamling,
det; det er Folkeforsamling, det, det er der, Cicero talar
mot Catilina og Cato mot Carthago; hugsar du det,
Lars Risvold? — Ja set deg ned daa, Lars! — oh! oh!
set deg ned og skjem deg, Lars, fordi du ikkje — oh!
oh! oh!» — Gamlen fekk ei asthmatisk Rid og hosta
som han skulde kovne — «ikkje kunde skilja millom —
oh! oh! oh!» — Hosten tok Magti.
Ein annan kom upp, og det gjekk likare. Men daa
dei kom noko lenger ned — der stod: nisi, quanta vi
civitates libertatem expetunt, tanta regna reges
defen-dant —, daa stod han fast; han tok tanta til regna.
Daa bar det uppatt med Gamlen. «Høyr, min snilde
Halvor Mosebø! Dersom du gjekk paa ein Veg og raaka
fyrst ei fin Dame, og so ein Student, og so ein Gris, og
du strakst etter fann ein fin Silkeparasol liggjande i
Vegen, vilde du daa gaa med Parasollen til Grisen og
segja: undskyld, høistærede, Di har visst tapt Deres
Parasol? — Nei, Halvor, so taapin var du ikkje. Du
flaug i Veg til du raaka den unge Dama, og so bukka
du og gjorde deg blid: om Forladelse, min Frøken, men
De har vist tapt Deres Paraply! Ja visst gjorde du det,
Halvor. Men her gjeng du til Grisen med Parasollen,
tek tanta til regna av di regna stend nærast. Men tanta
høyrer til vi; quanta vi, tanta vi, Halvor Mosebø!» —
Gutane lo, men dei fylgde med. Og dei gløymde ikkje
lett slike «Timar».
Sistpaa kom Gamlen innpaa Innhalde av det som
«Tarkvinius Superbus eller Tarkvinius Storsnut» hadde
sagt, og heldt eit Foredrag um Rom og romersk Politik,
som var det mest aandfulle Daniel hadde høyrt i si Tid.
Endeleg reis han upp og slo ut med Handi. «Nu er vi
5 — Garborg I.
65
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>