- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
66

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

færdige,» sa han høgtidsamt. «Nu er vi — ved Gud! —
aldeles færdige; nu kan vi gaa videre.» Og han sette
seg og gjekk igjenom Leksa til næste Dagen. —

— Daniel budde paa eit Loft i Akersgata. Rome var
ikkje lite; men det var laagt og hadde Skraatak; dei
smaae Vindaugo braut seg ut gjenom Take. Kantar og
Kræar var her nok av; Utsyn hadde Daniel til eit Par
Hus-Tak og nokre Skorsteinar. Men han lika seg her.
Rome var lognt og koselegt; og den stengde Utsyni
gjorde at han kjende seg liksom so trygg og godt gøymd.

Byen lika han og paa ein Maate. Her var kje som
han hadde tenkt; her var smaatt og graatt i graatt for
det meste; det var utrulegt so simpelt som her kunde
sjaa ut mest all Stad, so nær som upp paa
Homansby-kanten. Men for Daniel var alt nytt og dermed gildt.
Den einaste Stubben Storgate Byen hadde, Stykke fraa
Storthinge til Slotte, var so gild med alle sine Krambuir
og Tre og Slotte øvst uppe som ein breid Vegg, at han
sakna ikkje sine Marmordraumar so mykje endaa.

Det var vel so, ein Storby skulde sjaa ut. Dei som
hadde Tilsyn med Bygningsstelle her, dei visste nok
korleis det skulde vera.

Draumen um aa koma uppi noko stort eller
forunder-legt seig fort av han. Han saag ingin Ting som minte
um Eventyr. Folk saag svært kvardagslege ut; og um
han ein Gong imillom raaka ut for ei gild Vogn, so
visste han, at inni den sat det vel i det høgste ein
Grosserar.

Men ein Ting arga han: Folk var so kaute paa det.
Han totte dei gjekk og smaaflirde aat han mest kven
han saag; og um han so berre kom inn paa ei Krambu,
eller han skulde hava seg eit Kvartpund Petum hjaa

nisi—defendant: um ikkje Kongane vil verja sine Rike
likso kraftigt som Borgersamfunde søkjer Fridomen ...

66

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0068.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free