- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
67

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ein Tobakshandler, so var dei Diskemennane og
Sigar-jomfruine so kaute og krønske, at han vart baade bljug
og brydd. Det var vel det at han ikkje tala fullfint enno.
Men det skulde snart laga seg.

Den einaste Moro han hadde var, naar han ein
Sundags Eftermiddag i Skümingi kunde vera med Haugum
og Aslak Fjordan og drive upp og ned «Karl-Johan».
Daa kjende han seg fri; og glad som ein Smaagut gjekk
han og glodde paa alle desse fine Folk som strauk att
og fram inn-under Hus-Rekkjom som Fisk under ei
Aa-bredd. Stundom kom det fjonge Gjentur — heiltupp
Frøknir var det visst — og saag paa han med slike
Augo at han vart reint varm um Hjarterøtane; daa
kunde dei gamle Eventyrdraumane hans livne upp att.
Men dei unge Frøknine gjekk alltid sin Veg; og han
høyrde aldri noko ifraa deim.

Det var elles sjeldan han kunde drive ute; paa
Fabri-ken fekk dei so vitlaust med Leksur, at skulde ein fylgje
med, laut ein lesa baade Dag og Natt. No lærde Daniel
seg dessutan til aa røykje; det høyrde med til
Studenter-lærdomen det au. Og so sat han si meste Tid paa
«Hybelen» og las; røykte og las so det verkte i Hausen. Det
var stridt, men det var karslegt; no kunde han daa
kjenne at han studera. Byrg skreiv han heim, at han
las so det heiltupp røynde paa Helsa.

Av Kjenningar fraa gamalt hadde Daniel tvo, Ole
Bentsen og Peter Dirk; desse gjekk no i øvste Klassa.
Peter Dirk var nokorlunde den same, smaa-lentug og
pynteleg. Men Ole Bentsen hadde vorti gudeleg her inne.
Han var komin til aa bu hjaa ein heilag Skomakar,
fortalde Johannes Ortvedt; «og da han forstod at han
kunde faa bo for halv Pris naar han omvendte sej, saa
omvendte han sej naturligvis,» meinte Johannes. Daniel
kunde sjaa, at Ole Bentsen hadde fengi eit anna Lag.

67

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0069.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free