- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
76

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sam mot so «goddædig» ein Mann. Daniel misste heile
sin Mathug. Resten av Middagen sat han og prikka i
Maten og høyrde med halve Øyro paa, at ein Prest og
ein Skrivar dømde Live av Jaabæk og jamra um, kor
magert det var for Embættsmennane.

So snart dei var komne fraa Borde, vilde Daniel røme.
Men det fekk han ikkje. Han skulde «versgo ha Kaffi».
Dessutan, lagde Grosseraren til, hadde han godt av aa
vera med i fint Selskap, so han kunde lære Folkeskikk.
Daniel laut «vera med»; Grosserar Helle hadde Bruk for
Protegéen sin. Han vart utspurd um baade eitt og hitt;
og daa dei kom inn paa Politiken, sagde den same
«behagelige» Gjesten, Herr Pastor Ring, at han vilde vone
Daniel ikkje var Jaabækianar. Daniel «hadde ikkje tenkt
noko vidare yvi Politiken», og det sagde Pastor Ring
var rett; Grosseraren meinte au at Ungdomen burde
halde seg ifraa slikt. «Men Jaabækianar vert han no
ikkje,» lagde Grosseraren til med ein Smil. «So mykje
Tiltru hev eg til Guten!» —

Hjaa Finsen var det paa ein annan Maate; Finsen
brydde seg ikkje um Politik. Men so vilde han vita um
Daniel hadde funni Frelsaren; det var ikkje greidt det
heller aa vride seg ifraa. Sistpaa fekk han ei lang
Fyri-teljing um aa søkje Skaparen i sin Ungdom. Og so kom
Finsen med sitt: um Daniel ikkje kunde vilja tenkje paa
Missjonen. «Ikke Seld. 3,3, forstaa, kjære Ven, at jæ vil
lægge naaget Præss paa dej,» sagde Herr Finsen; men
... han vilde kunna hjelpe Daniel med so mykje større
Glede, um Vaarherre bøygde hans Hug til
Missjons-arbeide. Skulde det ikkje vera herlegt og stort aa faa
vera med aa byggje Kristi Kyrkje i Sululand? Maatte
det ikkje vera eit sælt Arbeid aa faa føre Frelseböde
ut yvi Verdi til deim som enno laag i Myrkr og i
Daudens Skuggar? — Daniel var i si verste Beit. Daa fekk

76

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0078.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free