Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
han innpaa det aalvorlege. Vov, vov! «Og no, mine
Harrer» — vov, vov! — «Og no, mine»–«.Silentium!»
skreik Magister med fælt Maal; og det hjelpte. Han gav
seg til aa leggje ut um Andsvare ved aa vera
«myndige Mennar»; og det fekk han gjera nokorlunde i Ro.
Naar Samfunde «sleppte oss lause», meinte han, so
gjorde Samfunde dette i den Trui, at me var vaksne
nok til aa vera vaare eigne Skule- og Tuktemeistrar;
og i den Trui burde daa Samfunde ikkje svikast.
Taleren gjekk sistpaa yvi til ei Skildring av den sanne
Studenten, ei Skildring, som vann stort Samtykke, av
Daniel ikkje minst. Den sanne Studenten var fyrst og
fremst ikkje «Materialist»; han lét Kræmaren syrgje for
det som høyrde Gryta til; sjølv livde han for det sanne,
det fagre og store; den sanne Studenten var ikkje heller
«Melankolist»; han lét kvar Dag hava si Plage, og elska,
som Dr. Morten Luther hadde sagt, «Piger, Vin og
Sang» yvi alt («Hurra!» «Fanden spare!»). Endeleg var
den sanne Studenten — trulova. Men her kom Talen
mest burt i Jubel og «Skaaling»; Daniel drakk stillt for
seg sjølv ei Skaal for Inga Holm — som han i Kveld
aaleine vilde minnast —; Magister skreik seg reint
maal-laus, fyrr han naadde til Endes paa Talen sin.
Og no sette alle desse nyfødde myndige Mennar seg
til aa skrike ut av fyllte Lungur si umaatelege Glede;
og dei trampa Samtykke med Styvlehælane so Salen
skalv. So vart Russesongen spreidd ut-yvi Flokken,
flag-sande gjenom Lufti, som Fivreld; Musikken uppaa Treve
skar i aa spela; og Songen steig, ylande gjenom Salen
som ein glad Storm, Sigersongen um at no var dei ikkje
lenger Skulegutar, men Russ, og at snart skulde dei
faustis avibus, vera Studentar.
Songen gjekk fyrst ein Gong med Musikk, og sidan
utan Musikk; daa vart det gildare endaa. Dei skilde
83
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>