Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Og han lagde i Veg, paa sin sereigne Maate, halvt
skalkut, men aalvorsamt likevel. Han meinte visst so
nokorlunde det han sagde, kor rart det kunde høyrast
ut; men daa han vel ikkje alltid var stød paa um han
meinte det plent so som det var sagt, so kom han
gjerne med ein Sleng paa det tilslutt, som minte Folk
um Dølens «Tvisyn». Men stundom kom han med
Tankar, som var so forunderleg mjuke og fagre, at ein reint
gløymde Dølen og berre saag Diktaren.
Kvinna var Fred, sagde han, — endaa dei gifte
Mennane tidt sagde noko anna. Ho var Fred, av di ho
var Gagne; ho saag paa det nyttige, paa Maten til
seg og Borni, og var difor paa sitt arme Liv for at
Mannen skulde koma ut i Ufred eller Uferd paa nokon
Kant og dermed gjera seg ufør. Difor maatte alle
Aands-mennar, alle som vilde stride og ofre seg for ein Tanke
eller ei Sak, — dei maatte vera Sveinkallar liksom han,
so at ingin brydde seg um anten dei flaut eller sokk;
for daa var det ikkje vandare i deim.
Men sjølvsagt vilde han ikkje ynskje noko so stygt
som at alle desse fagre unge Gutane her skulde bli
Sveinkallar; det vilde vera Synd baade for deim og for
den arme Kvinna, som nok altfor gjerne vilde gifte seg,
stakkar, endaa ho jamt gjekk og gjorde seg strengbedi
og slo paa Nokken, so lengi ho ikkje var yvi 30 Aar. For
Kvinna var Kjærleik; ho var skapt til aa gifte seg; og
slik som ho no vart upplærd, so dugde ho ikkje til anna
heller, og lite til det med. Mannfolki elska nok, dei og;
det fekk me Sveinkallar kjenne, som alltid elska og ikkje
fekk; men det var paa ein annan Maate, det; det var
som Rovfuglen med Skinn og Bein og Sinar og Segar
og krokutte Nebb og Klo. Men Kvinna elska som ho var
skapt til: lik Bylgja som trillar paa det kolblaae Hav
i sitt avrunne og uendelege Mynster for all Venleik.
94
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>