Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Formi for Daapsorde.» Daniel var baade forundra og
forstøkt; men etterkvart som han høyrde paa Samrøda
koka Punsen og Sinne upp i han; han slo i Borde so det
song: «den Jøtunyngelen!» — Meier smilte apostolisk
og sagde: «sant nok; det er Lokes Ætt.» Noko etter
reis han upp og gjekk inn i Salen; han vilde høyra kva
Ungdomen rødde um naar han var full, sagde han.
Haugum fortalde um Folkehøgskuletanken, som tok
til aa gro; millom anna nemnde han, at Meier vilde bli
Folkehugskulelærar. «Altsaa en bra Mann!» ropa Daniel
med ein Dunk i Borde. «Var det ikkje det eg saag? Eg
skal mest alltid sjaa utanpaa ein Mann kva han duger
til...» — «Men den Endre Storr, Haugum, kven er det?»
spurde Bragestad med eit stort, hastande Mæle, liksom
han var bljug for aa blande seg inn i Samtala. «Det er
Husverten min,» sagde Haugum. «Ein rik Dævel av ein
Grosserar,» slengde Ortvedt inn, liksom vaknande; «den
Haugum held seg alltid til dei store, han, Filuren!» «Eg
hev komi til aa bu hjaa han,» heldt Haugum fram, «av
di eg kjende Kona hans.» «Sss! no vert det leidt her!»
kviskra Ortvedt; «hi-hi-hi!» lo Daniel; Sven Dufva
klunka i djupe Tonar ein godsleg Laatt; «det vil seg ja,
eg kjende Mor til Kona hans,» lagde Haugum til. «Ja
Fanden tru!» sagde Ortvedt; Daniel, som ikkje torde
segja «Fanden», sagde «Skam tru».
Dei sat og skjemta ei Stund um ingin Ting; med ein
Gong tok Daniel uppatt Emne um Endre Storr. Meier
hadde havt Rett i det han sagde um den Mannen;
Haugum kunde segja kva han vilde. Daniel hadde lesi nokre
lange Stykke som Storr hadde skrivi i «Den gode
Borger» ; dei handla um Gjødsel og Guano og var det
aand-lausaste han hadde lesi. Det var dette Guanokratie —
denne «Læstedrægtighed», som Skiprane sagde, heile
dette engelske Væsen med Kjøtmaskinar og Matstræv ...
100
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>