- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
101

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Daniel vart so ordhag at Haugum kjende han kje att.
Men, meinte Daniel, det var nettupp dette Kjøtvæsen
me skulde slaast imot! Me var Aandens vigde Prestar,
som Professoren hadde sagt; me var Sønir av Folke og
Berarar av den store Folkesak; og me maatte vera paa
Vakt mot slike som denne Endre Storr. For Matstræv
var her nok av i Lande. Folk brydde seg ikkje um det
som var stort og fagert og høgt paa Jordi; dei berre laag
og stræva etter det som gav i Gryta og fyllte i Pungen;
ikkje Sans eller Syn for sant Menneskjeliv; det
aand-lause Matstræv laag som ein Trolldom yvi Lande; Folke
maatte bli vakt; det maatte Aand inn i Live, Aand,
Tankar, Poesi... Kandidat Meier var ein bra Kar; han vilde
vera Folkehøgskulelærar; og det burde me bli alle ihop;
men ein Prest kunde og gjera mykje godt; Kapellan
Hirsch som hadde vori hans Lærar... det var... det var
... ein framifraa Mann; «hadde ikkje han vori, so hadde
ikkje eg siti her!» Daniel mest grét av 01 og kjærlege
Tankar; Haugum hadde aldri visst at der var so mykje
Eld i Guten. Og han tenkte paa kor sant det daa i
Grunnen var, at under den kalde Bondehamen banka tidt
dei varmaste Hjarto. —

Daniel var modig som ein Akilles; slo i Borde med
Ølglase og sagde «Skaal! — En Skaal, mine Herrer! for
Kapellan Hirsch og alle som er liksom han, og som vil
være med paa aa løse det norske Folk or Trolldomen!
Skaal!» — «Ja, den Skaali kan me nok drikke,» meinte
Haugum; og Daniel høyrde med djup Glede, at Sven
Dufva for seg sjølv sagde «Bravo».

— «Og nok en Skaal for dlg min Ven!

og for de norske Piger!»

song dei inne i Salen i villt Kor; no hadde Elskhugen
fengi Magti. «Hi-hi-hi! kor glade dei er!» lo Daniel;
straks etter tok han i og song med:

101

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0103.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free