Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Og nok en Skaal for dig min Ven!
og for de norske Piger!»
— den fyrste Lina var til Sven Dufva, som han dunka i
Ryggen av Venskap; og den andre var for... ja, denne
Gongen tok han Berta Maria med. Og daa han hadde
vori so streng mot henne i heile Kveld, so tenkte han
paa henne no med so mykje større Mildhug. —
«Ja, — hikk! — for de norske Piger!» sagde han og
drakk. «Kvinden maa vi ha med oss ... Freya ... Freya
med sine Gu—hikk! — Gulltaarer... Men!» — skreik
han upp, «slike som arbeider for Guano — hikk! -krati
— og skriv i «Den gode Borger» ... det skal vi ikke
ha—hikk! — ha noget av. Hi-hi-hikk! eg er nok litt
gl—hikk, litt glad i Kveld; men ... hi-hikk! det gjør
ingenting ... Mine Herrer! Skaal for — hikk! — Skaal
for — hikk! — Skaal for de norske Piger!» —
— Haugum og Sven Dufva hadde ikkje lite Stræv den
Natti, fyrr dei fekk Daniel Braut heim.
VL
Daniel hadde høyrt at Yvihøyringsprøva skulde vera
lett; men daa det bar til, fekk han anna finne.
Han var laakt fyribudd; hadde havt for mange Skular
og Skulemeistrar. Og dei hadde arbeidt kvar paa sin
Maate. No stod han der med Hovude fullt av ymist og
altslag i Ruve og Røys; sümt var ferdugt og sümt
halv-ferdugt; der var ikkje Samanheng i nokon Ting.
So var der ikkje anna aa gjera enn aa «pugg-lesa».
Det galdt Live no. Dei som hadde hjelpt han fram
venta at han skulde klara seg. Og gjorde han ikkje
det, so vilde alle Vegar stengjast. Det ein ikkje kunde
paa annan Maate, fekk ein daa kunna paa Pugg; sidan,
102
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>