Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
naar ein vart Student, fekk ein taka det heile uppatt
fraa Grunnen av.
Dag og Natt sat Daniel upp i det myrke Lofte sitt og
las. Sveitta og las; las so han svimra. Heile Verdi kom
burt for han. Han gløymde baade Sol og Jord, baade
Heim og Himil; og naar han ein Gong um Dagen var
ute og skulde faa seg «Middag», dreiv han gjenom Byen
som gjenom ein stor, tom Draum.
Og so ille varmt som det var! August-Soli gjekk
gjenom Himilen som ein brennande Eld, og Lufti laag tung
og heit som ein Eim yvi Byen. Ute og inne var like fælt.
Vaat um Halsen, kleissen paa Hendane, med tunge
Dropar paa den bleike Panna sat han og stræva. Flugur
for og song og surra nerveskjerande inn mot Kinn og
Øyro, sette seg paa den vaate varnæme Hudi so det
bivra i Holde, flaug og kom att, snurra ikring han
nærare og nærare, støytte inn mot Nosi, Øyro, Skallen
hans med sin ævelege Surr og sine priklande smaae
Kløar; han sveita av Møde, fikta ikring seg endelaust og
faafengt, drap deim naar dei heldt Bryllaup i Haare
hans, men var like nære; og so las han. Men naar han
utasa og utmødd lagde seg og skulde sova, so var det
same Naudi; han laag og vreid seg i kvævne
Halvdrau-mar og kava med det Flugu-Helvite som aldri fekk Ende.
Det var ikkje stort svalare um Natti enn um Dagen.
Naar August-Soli fraa Morgon til Kveld hadde steikt
Taksteinane yvi Hovude hans, var dei som gloande Jarn;
og det laage Loftsrome heldt seg døynende
badstugu-heitt til langt ut paa Morgonsida. Og aldri surra
Flugu-dansen galnare enn um Natti.
Men ute i fri Luft kunde han ikkje lesa. Det var so
mangt som lokka Augo og Tankar der; han sat og glodde
paa Tre og Blomar og drøymde um Berta Maria og Inga
Holm og altslags Tøv, og gløymde heile Eksamen. Lufti
103
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>