- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
104

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

var fyllt med dirrande Blenkjing, med Laat og Ljom og
alle Slags Liv; Eksamenstankane døydde i den som
Smaatroll i Sol; han var nøydd til aa stengje seg inne.

So sat han der innestengd; stræva og las; røykte,
drakk Vatn og misste Mathugen. Dag for Dag kjende
han seg armare; Dag for Dag maatte han stive seg upp
paa nytt. Og di meir han las, di meir hadde han att aa
lesa, totte han.

Ein Dag raaka han Sven Dufva paa Gata og jamra si
Naud for honom. Sven Dufva sagde at den beste Raadi
var aa drikka Kinavin. «Den brukar eg,» sagde Sven
Dufva; «og den baade kveikjer og styrkjer.» So kaupte
Daniel Kinavin. Og naar han vart altfor trøytt og arm,
drakk han av den og totte han vart betre.

Det vart ein lang Strid. Var ein ferdig med eitt Fag
og hadde lesi seg mest trotin paa det, so kom næste
Fage, som var likso vrangt; og i Selen att laut ein. Det
røynde for Aalvor paa Helsa no; um Natti, naar Daniel
laag og ikkje fekk sova, av di Hovude verkte og Flugune
surra og alle dei grammatikalske Reglane dansa i Hausen
og banka og hamra som «Timbremennar» etter ein Rus,
daa kunde det hende at Guten flaug upp i skjelvande
Rædsle og trudde han skulde bli galin.

Og han som hadde vori so glad paa Russedagen, og
trutt at det verste var yvi daa! Han hadde ikkje visst
kva som fyristod. Og han hadde ikkje visst, at
Russe-lage var for den sanne Russen, men ikkje for slike som
braut seg inn i det akademiske Rike Fabrikvegen.

Den sanne Russen, som var av paalitelegt Folk, og
som hadde sovi seg fram gjenom ein paaliteleg
Latinskule, han slapp igjenom det munnlege nokorlunde lett;
for baade maatte ein gaa ut ifraa at slike Gutar hadde
lært det dei skulde, og dessutan var det i Grunnen det
skriftlege det spurdest um i dette Lande. Men Fabrik-

104

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0106.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free