Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Russen hadde Universitete ein naturleg Mistanke til. Det
var Folk med ukjende Namn, Folk, som tidt saag svært
lite akademiske ut, og som dessutan kom stormande inn
i dei heilage Hallir som Tjuvar og Røvarar gjenom ein
galin Port; slike Karar maatte ein sjaa paa Tennane.
Kamelar var det, som skulde gjenom Naaleauga; og
mange «strauk», vann seg ikkje igjenom, anten dei no
var Kamelar, eller um Naaleauga stundom vart altfor
trongt. Meir enn ein Gong hende det, at det etter
Eksamen kom Bod til «Gamlen» fraa Universitete, at han
hadde tapt sin «Demissjonsrett»; altfor mange av
Gutane fraa Skulen hans var «strokne». Men daa kunde
det ög hende, at Gamlen paa ein svært tydeleg Maate
viste Bodberaren, at sin «Demissjonsrett» hadde han
ikkje tapt, kor det no kunde vera med
Dimissjons-retten.
Fabrik-Russen, og Daniel med dei andre, vart bleikare
um Nebben for kvar Dag som gjekk. Og den eine etter
den andre vart sjuk og lagde seg etter, ein i den
Bakken og ein i hin, liksom trotne Soldatar paa ein
Felt-mars. Men Fabrik-Gutane hadde ikkje Lov til aa vera
sjuke heller; det var ingin som trudde paa Sjukdomane
deira. Professorane drog paa Aksiom; Russen lo; «han
er sjuk i Matematik», sagde dei; «han hev vondt i
Græsken». Og i «Den gode Borger» stod der meinsløge
Stykke um kor rart det var, at det nettupp skulde vera
Fabrik-Russen som var so sjukleg i Eksamen.
Hans Haugum og Markus Olivarius heldt seg rett
godt; men Halvor Mosebø og fleire andre vart sjuke.
Daniel tenkte sterkt paa aa melde seg sjuk, han med.
Men so raaka han Sven Dufva ein Dag. Han var svært
bleik, Svein, og dei store rædde Gaselle-Augo stod i
demissio: Nedsending (her Ned- eller Utkasting),
dimis-sio: Burtsending, Frigjering (i Skule-Maale: Slutt-Prøve).
105
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>