- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
106

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Hausen hans kvite og stive som Klinkenaglar. «Men
Herre Gud, de er ikkje frisk?» sagde Daniel forstøkt.
Sven Dufva riste paa Hovude. «De maa til Doktoren og
faa Attest!» heldt Daniel fram. Daa stirde Sven Dufva
paa Daniel, og ein raud Skugge lagde seg yvi Andlite
hans. «Nei!» sagde han med sitt Bassun-Maal; «det gjer
eg aldri!» Og daa Daniel vilde vita Grunnen til dette
sagde Sven: «det skal ikkje De heller gjera. Dei trur
oss ikkje!» Den raude Skuggen kom sterkare att og
vart liggjande.

Daniel forstod Guten og vart skamfull; Sven Dufva
hadde Rett. Haugum sagde sidan det same; kunde
dessutan fortelja, at den som lagde seg sjuk vart sidan
strengare yvihøyrd; det var daa best aa halde ut, so sant ein
kunde. Daniel drog ein tung Sukk og sagde at han fekk
freiste aa halde ut daa.

Og han heldt ut. Men paa Slutten kunde han ikkje
lesa. Naar han sette seg til med Boki, so berre svimra
det for han. Ikkje torde han taka Kinavin heller lenger;
Haugum hadde sagt at det var faarlegt.

So fekk det staa til. Han hadde i det siste havt ei Von
um aa faa Laud; han hadde gjort det godt i fleire Fag,
og i Historie og Geografi vilde han hava 1, 1. Men no
fekk den Voni fara. Naar han ikkje fekk lesa paa Fransk
og Tysk, so kom dei Fagi til aa øydeleggje Laud’en
hans i alle Tilfelle.

Forunderleg nok gjekk det godt i Tysk og Fransk. Og
no var han trygg paa Laud. Han gjekk og hugga seg
med aa tenkje paa, kor glade dei skulde bli, dei som
hadde hjelpt han fram, og kor staut det vilde vera aa
kunna skrive til Inga Holm: «Student med beste
Karakter». Men so gjekk det gali i Historie og Geografi, —
dei einaste Fagi han kunde. Til Yvihøyrar fekk han ein

Laud: Ros verd.

106

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0108.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free