Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
lagde Dusken bak; lagde Dusken fram; lagde Dusken
midt paa Aksli; nei. Det vart ikkje den rette Svingen.
Og Frakken, — Frakken sat, som alle Frakkane hans
hadde siti. Han saag ikkje ut som Student. Han var
ikkje Student. Han var ein forklædd Bonde.
Bleik og modfallin stod han og glodde paa seg sjølv
i Spegilen. Han totte han vart seg sjølv so framand.
Det breide godslege Andlite hadde vorti langt og magert.
Munnen saag styvin ut; og Augo, som ein Gong hadde
vori so blanke, hadde krympa seg ihop og vorti
raud-sprengde og dauv-vorne. Men Aksline var gruve; han
saag liksom nedtyngd ut; laut rette seg upp naar han
vilde naa si Høgd; annarleis hadde han set ut i sine
Studenterdraumar. Naa; det laga seg vel. Men kald um
Hjarta rusla han til Universitete etter det akademiske
Borgarbreve, som han no skyna ikkje heller kunde gjera
Underverk.
Og daa han kom der upp, og saag paa alle dei unge
Bystudentane, som kom strjukande fine og lette som
Fuglar i Sol og bar Duskeluva so flott og fjongt som
ho skulde vera støypt til deim, daa kjende han seg
framand i dette Lage. Han hadde berre ei Trøyst, og
den var skral: dei andre Bondestudentane tok seg for
det meste ikkje stort betre ut enn han med Duskeluva.
Festsalen var full av svartklædde, bringekvite fine
Herrar. Det var so det stod svalt av all denne Galla.
Der skulde Mod til aa gaa inn. Daniel totte han kom
som ubedin Mann til Gjestebods; det kom for han, at
dei fine Herrane saag med Uhug paa Bondeguten som
vilde trengje seg inn i deira Lag. Med det same han
hadde sett seg, byrja Festsongen; det ljoma so vent i den
høge Halli. So modigt; so fast; so trygt. Daniel
styrktest. Han sagde til seg sjølv: du h e v Rett til aa vera
med; du e r Student!
112
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>