- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
113

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det fekk vera som det kunde med Duskeluva; godt
var det aa ha berga seg fraa Aandløysa og Raaskapen
der ute og hit inn i desse reine, rolege Hallir millom
Ideens Presteskap. «Helligt, helligt, helligt er Studentens
Kald!» tona det fraa Songar lage i klaare, store
Harmoniar, og Daniel song i sitt Hjarta med. Han lyfte
aahugsamt sine Augo upp mot Takfrisa; der saag han
Gudane, dei gamle klassiske Gudane, staa og tenkje og
grunde, støypte i Gips.

Det var professor Darre som heldt Tala. Han lagde ut
um, at Vitskapen hadde sitt Maal i seg sjølv. Sistpaa kom
det eit Par av Tankane fraa Russetala; so slutta
Professoren med ei Lovprisning av det ideale Studenterliv.

Daniel høyrde paa Visdomens Ord med djup og
hjarteleg Vyrdnad. Han totte det var so sant og so godt. Men
daa Professoren kom til det ideale Studenterliv, tenkte
han med seg sjølv: gjev Jens i Larsebakken vilde sende
Pengar.

So skulde dei nyfødde Aands-Adelsmennane fram og
faa sine Borgarbrev og gjeva Lovnaden. Det vart ei lang
Mynstring. Dei fleste var Bystudentar, Folk med store
plattyske Namn, og med dette serskilde fine Lag, som
Daniel hadde undra seg yvi i alle sine Dagar. Men ender
og daa kom det trampande ein homo novus, ein
Aslaksen eller ein Bragestad; og Daniel saag med veksande
Uro, kor lett det mest alltid var aa kjenne deim fraa
dei andre. Dei hadde ikkje Svingen. Brevi sine tok dei
imot med stive keivhendte Tak og innbillte seg at dei
bukka, men det vart berre ein Rykk i Nakken; andre
tverbøygde seg som dei skulde gaa av paa Miden. Daniel
vart mindre og mindre der han sat. Og no skulde han
fram. «Herr Daniel Olsen Braut.» — Han dukka upp;
steig fram so godt han kunde; samla ikkje klaart; Salen

homo novus: ukjend (ættlaus) Mann.

8 — Garborg I.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0115.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free