Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
laag som i Skodd og Susing, og endaa var det so
uhyggjeleg stilt. Kvite Kragar og Andlit lyste utydeleg fram
or Skodda liksom store tome Augo; i ein Benkekant
snaava han; det gav eit Brak; so steig han tvo Stig
fram paa Tærne; fekk Tak i Breve; innbillte seg at han
bukka, men det vart berre ein Rykk i Nakken; — og
so attende til Plassen sin, sveitt, men glad fordi det
var yvistridt; det varde ei Stund fyrr han torde s jaa
upp att.
Han tok til aa tenkje, der han sat. Hugsa Dølen og
hans Hunar og Vandalir; der var visst meir i det enn
Dølen hadde visst. Naar ein av dei plattyske kom, var
det som det skulde vera eit anna Folkeslag. Det var
ikkje sagt at dei var fagre; det var ikkje sagt at dei
førde seg godt dessmeir; dei kunde vera stygge som
Arvesyndi og keivelege som Trehestar, — og likevel!
Likevel saag ein, at dei var «Herrar». Dei hadde i all
si Ferd noko trygt og sjølvbyrgt; dei hadde det som
Horats kalla frons urbana; og naar alt kom ihop, so var
visst det det sanne Daningsmerke. Var dei fødde med
det ? Var det noko som ein maatte vera fødd med ?
Var det ikkje sant at alle av Natturi var like, og at
det ædle og høge føddest likso ofte i Hytte som i Borg?
Skulde Vaarherre ha stelt det so, at dei som var fødde
i Rikdom fekk alt godt, men dei som var fødde i Armod
laut bera Merke av det alle sine Dagar?
Daniel vilde ikkje tru det. Vaarherre var rettvis; alle
var like fraa hans Hand. Den skilnaden som var, den
kom av at Folk vaks upp under ulike Vilkaar; og den
kunde jamne seg med Tidi.
Og so hadde Bondegutane Krafti, som Dølen hadde
sagt. Som dei her kom stigande aalvorsame og tunge,
sume smaa og tettbygde, andre staute og store, saag
dei ikkje ulikt ut til «Sønir av Fjelle».
114
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>