Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Helligt, helligt!» ljoma det endaa ein Gong. Daniel
hadde vunni yvi sine tunge Tankar; akademisk Borgar
var han no, det hadde han Brev paa. Og no vilde han
vera glad, so lengi han aatte Mynt.
Han fylgde Haugum til Kafé National; dei vilde
«mærke Dagen». Ein heil Flokk hadde samla seg i
Kaffi-stogo; der var det Gilde med Talur og 01; det ideale
Studenterliv byrja no, tenkte Daniel. Og det vart
Fest-tale-Idealitet i Foss og i Flaum. Dei gamle tala for dei
unge og dei unge for dei gamle; ein Bystudent tala for
Bondestudentane og ein Bondestudent for Bystudentane,
det vil segja for dei Bystudentane som hadde Frisyn og
Vidsyn nok til aa slaa Lag med Bonden; dertil svara
Bystudenten med ein Tale for Bondefolke; Bonden var
Fortidi og Bonden var Framtidi; Bonden sat inne med
Fedra-Arven, og Bonden sat inne med
Framgangstan-kane; Bonden aatte Lande og Bonden vilde bera det
fram. Skaal! Leve! Hurra, Hurra! Daniel drakk 01 og
totte det stod godt til. Han hadde ikkje visst at
Bonden var slik Kar; men naar ein Bystudent sagde det,
og naar Folk som Hans Haugum og Jens Rud samtykte
i det, so maatte det vera sant; og daa var det staut aa
vera Bonde. Han gjorde seg ein Sving burtum Spegilen
og saag, at Duskeluva ikkje sat so ille endaa.
God og mett rusla han heim. I Morgo vilde han skrive
Friarbrev. Jens Bakke sende nok Pengar; og sende han
ikkje, so vart det vel endaa ei Raad; Verdi var god og
glad, og Folk var so snilde. —
— Daa han kom upp paa Hybelen sin, var der
rein-skura og stelt som til Helg. Stakkars Berta Maria, det
hadde visst ho gjort til Ære for Dagen. Berta Maria var
snild. Han vilde gjera seg kjend med henne, stakkar;
ho hadde vori so bleik i seinare Tid. Bar ho kannhende
i Løyndom paa ein Elsk som ho visste var vonlaus?
115
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>