- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
117

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kane. Og minst kunde han her uppe millom all denne
ideale Ungdom tenkje paa Berta Maria.

So aandfulle som han hadde tenkt var Fyrilesningane
ikkje. Mang ein Gong hadde han kalla deim aandlause,
um han hadde tort sagt eller tenkt slikt um so høge
Ting. Men det torde han ikkje. Det var sjølvsagt berre
han, som ikkje til gagns forstod deim.

Det var det gode her, at ein turvte ikkje lære Leksur.
Og vart ikkje yvihøyrd. Ein hadde ikkje anna aa gjera
enn aa høyre paa, og skrive «Notater» um ein so
syntest ; og vilde ein vera burte fraa Fyrilesningane, var det
ingin som heldt Rekneskap yvi det. Professorane kjende
ikkje Læregutane sine dessmeir; kvar stelte seg som han
sjølv vilde. Dette lika Daniel. Men han undrast paa
korleis ein skulde lære sine Ting, naar ein ikkje fekk
Leksur.

Um Ettermiddagen gjekk han og dreiv med kven han
fekk Lag med. Han hadde tenkt aa lesa igjenom paa
nytt det han hadde baade lært og ikkje lært i sine
Skuledagar; men det fekk vera til sidan. Um Kvelden var
han stundom i Teatre. Han lika seg der; mest alt gjekk
ut um Kjærleik. Og alt var fagert og idealt. Teatre var
som eit Eventyrland midt i Livsens Prosa; der livde det
fagre sitt Liv i Fred, avgøymt fraa alt som kunde skiple
og skjemme. Der livde Daniel i Sanning idealt, totte
han, endaa han laut sitja paa «Tolvskillingen». —

— Jens i Larsebakken sende Pengar. Men den
Mold-trælen sende 50 Dalar i Staden for 100, so det galdt aa
spara; og Daniel sparde det beste han hadde lært. Det
galdt aa faa dei 50 Dalane til aa rekkje so langt som
Raad var. Med Tid og Stundir laga det seg vel so han
fekk meir.

Den som hadde hjelpt so langt, hjelpte nok lenger.
Og no hadde Daniel ei serskilt god Von; for Jens i

117

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0119.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free