Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Larsebakken hadde fortalt, at Bror hans, han Lias,
hadde teki Skjerp paa fleire «lovende» Malmgruvur. —
— I Studentersamfunde var han nokre Kveldar og
vilde sjaa paa det store Studenterliv. Men det var so
høgtidsamt der. Han kom reint burt i denne lange, store
Salen, millom all den Mengdi av kaut Ungdom; og han
sat og høyrde paa Avis-Upplesingi og Ordskifte so still
som i ei Kyrkje. Men Ordskifte gjekk um eit Haustball,
som süme endeleg vilde hava; og det var merkelegt kor
kvike dei var til aa rengje um Ordi for kvarandre og
redigere kvarandre «in absurdum». Daniel høyrde med
Vyrdnad paa desse store Talarane og tenkte med seg, at
slikt kunde ikkje han lære. Men langsamt var her; han
sat berre og stunda etter at dei vilde slutte. Endeleg
kom Toddyen. Men det var ikkje som i Russelage. Ein
maatte sitja so stiv som ein Stake og høyre paa lange
Talur; fyrst naar det leid ut paa Natti ei Stund, vart her
noko meir Liv. Men naar det leid so langt, so slutta dei.
Dette var vel i Røyndi det ideale Studenterliv? Men
ein Kveld sette Aslak Fjordan i med ein hivande Laatt
og svor paa, at verre Tull hadde aldri han vori uppi.
Og daa Haugum so halvt hadde samtykt i dette, var
Daniel heilt med. Dei vart samstelte um at der ikkje
var den rette Aand i Studenterlive no; og daa dei
skildest, bad Aslak deim koma heim til seg næste
Laurdagskvelden; der skulde dei hava det mykje gildare enn i
Samfunde, meinte han.
Laurdagskvelden kom; og Aslak heldt Ord. Det vart
eit heilt lite Lag; og der var Liv i Lage. Eit Par av
Gjestom, millom deim ein Student Hærland av
«Frams»-Klikken, sa Aslak — var nye for Daniel; men snart var
alle kjende. Samrøda var straks i Gang. Professorane
vart ymist dømde; so kom Vitskapsspursmaal upp;
ser-redigere in absurdum: gjera til Narr.
118
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>