- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
119

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

leg galdt det Filosofien. Haugum var i Beit med
«Overgangen» fra ,Intet’ til ,Tilværelse’ og bad Hærland greide
dette; Hærland lo og spurde, um Haugum meinte at slikt
var til aa «forstaa». «Kan De finne ein norsk Student
som hev lært aa forstaa den Hegelske Logiken,» lagde
han til, «so skal eg ikkje vera ærleg Mann.» Daa lo
Aslak med sin store Laatt og sagde, at det vilde han
Pinedød tru; Diktaren Gregus Johnsen nikka.

Fraa Logiken kom dei til Etiken, og fraa den til
Politiken. Hærland og Aslak var Republikanarar, dei andre
konstitusjonelle; og det vart varm Strid; dei einaste som
ikkje var med i Ordskifte var Ortvedt, som totte dette
gjekk for høgt, Gregus Johnsen, som fann det prosaiskt,
og Daniel, som hadde nok med aa høyre paa. Dessutan
visste han ikkje rett kven han skulde halde seg til; han
heldt i Grunnen med Haugum, men hadde likevel best
Hug til aa stydja Hærland, som var ein kvass,
ord-sterk Kar.

Men um ei Stund vart Aslak leid av Ordskifte og vilde
hava Samhug og Hjartelag; so sette han i med skakande
Maal: «Ja vi elsker dette Landet.» Det hjelpte. Haugum
gløymde Kongedøme og Republiken og song i med glad
Jubel: «som det stiger frem»; Daniel og Gregus Johnsen
fylgde etter; Hærland kunde ikkje heller halde seg, men
kom med paa «de tusind Hjem».

Og dei song og song seg varme. Det eine Verse tok det
andre; og for kvart Vers vart dei gladare og meir
upp-glødde. Daa dei sistpaa med sterke Røystir hadde svori:

«Ogsaa vi, naar det blir krævet,

for dets Fred slaar Leir!»

klinka Haugum paa Glase og bar fram i stilslege Ord ei
Skaal for Fedralande. Han hadde ikkje mykje aa segja,
og det vart ingin Tale; men det var so godt meint. Der
var stilt i Lage med’ den Skaali vart drukki.

119

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0121.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free